søndag 28. juni 2009

Bok 37: "Har du først fått eit barn eller fleire, har du mista retten til ikkje å ha barn" s. 146

Då eg las bokmeldinga i Klassekampen, fekk eg lyst til å lese boka. Dette er ei interessant bok. Eg-personen taklar ikkje borna sine. Ho ser sjølv at dei ikkje har godt av henne.

Boka viser fleire former for barnemishandling. Det verste Tove Vik gjer, er etter mi meining å fortelje borna at ho ikkje vil ha dei. Ho mishandlar dei både psykisk og fysisk. Dette er litteratur til ettertanke. Boka høver godt som diskusjonsgrunnlag.

Om ein ikkje kjenner seg att i tankane til eg-personen, trur eg at mange kan kjenne seg att i enkelte av situasjonane. I eit barneselskap kjem det born nærare ein time før selskapet begynner. Når dei siste foreldra hentar borna ein time etter selskapet skal vere slutt, skal mora vere like blid.

Ein kan ikkje seie at ein liker ei bok som dette. Eg synest boka er velskriven og god. Forfattaren skildrar ei "oppegåande" kvinne som slit med livet sitt. Les gjerne denne bokmeldinga, og les boka!



4 kommentarer:

Besta sa...

Eg har ikkje lese denne boka, berre OM den.Og den fristar meg ikkje.Det blir for negativt for meg.Dei fleste av oss som har fått barn, ville vel ikkje vore dei forutan? Sjølv om det kan oppstå problem av mange slag, må ein prøve å takle dei som vaksne menneske. At foreldre gjer mange feil, det veit vi også. Men slik er det berre.

solveig sa...

Denne dama vil ikkje ha ungane, og det er det lite aksept for. Ho slit med sjølvmordstankar. Eg berømmer forfattaren som torer å ta opp emnet.
Der er ei fornuftsstemme i boka i form av ein mann. Han seier at born er robuste og toler at vi gjer feil. Det er slike "normale" feil som foreldre gjer. Han les ei bol til borna hennar medan dei sit i kvar si armkrå. Noko slikt har ikkje ho gjort.
Eg trur du hadde "likt" boka.

Besta sa...

Ja, du får berre rippe.

solveig sa...

Papirbok....