Viser innlegg med etiketten bibliotek. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bibliotek. Vis alle innlegg

måndag 8. november 2010

Det beste i livet er gratis?

På jobb går vi inn i ein av dei travlegaste periodane.  Eg kom fram til at i dag var einaste sjansen eg hadde til å nå biblioteket i byen i opningstida. Og sjå kor heldig er var!  Bibliotekaren stadfesta at dei som begynner å lese Indridason, vert hekta.  Siste Lindell gler eg meg også til! 

Det andre ærendet var å kjøpe lang dundyne til yngstemann.  Eg veit ikkje kva slikt skal koste, men reknar med at halv pris på Kid er det ein må gi.  No har det nye sengesettet kome i vaskemaskina. 
Haustserviettar hadde dei ikkje selt mykje av i år, ikkje så rart kanskje?  Vinteren kom brått på oss.  Serviettsamlinga mi vart to pakkar rikare, så har eg meir å velje i neste gong eg dekkar haustbord.

søndag 7. november 2010

Bok 51: Mykje nordisk krim for tida

No må eg berre bryte saman og tilstå: Eg hadde begynt på ein annan roman, men klarte ikkje å halde meg unna Indridason sine krimbøker.  Dette er den nest siste, trur eg.  Då har eg hoppa over eit par, men det får våge seg.  Eg les dei når eg finn dei.

Kvifor likar eg desse bøkene?
- Menneska og miljøa er godt skildra.  Dei er truverdige.
- Krimhelten sitt privatliv er interessant og relevant.

I Fjellet er forsvinningar og sjølvmord det dreiar seg om. Kan ein drive eit menneske til sjølvmord?  Boka kan også lesast som eit apropos til Åndenes makt. Det meste har ei naturleg forklaring...

I går var eg innom biblioteket.  Eg held på å lese noko så sjeldan som ei nynorsk krimbok omsett frå finsk.  Noko meir enn ei papirbok rekk eg vanlegvis ikkje å lese i månaden.Men då eg såg andre boka i den danske serien, måtte eg berre ta den med heim.  Så no må eg vere flink å sette av tid til å sitte å lese!

torsdag 28. oktober 2010

Bytur

I dag hadde frøkna og eg nokre ærend i byen.  Vi tråla dei to kjøpesentera og tok oss også tid til å stikke innom biblioteket.  Der var eg så heldig å finne boka i midten, som eg forstår vert ein såkalla snakkis i slekta.  Eg har begynt å rippe den over på MP3-en slik at eg kan levere den attende snarast muleg.

laurdag 2. oktober 2010

Handlerunde i Hareid

 Brødbakemaskina mi takka for seg for ei veke sidan.  Det er tungvint å greie seg utan, spesielt når ettermiddagane vert aktive.  Dette er mi fjerde maskin av dette slaget.  Dei to første varte i 3 år medan den siste i fire år.  Det kan nok forklarast med familiestorleiken. Konklusjonen er at ei maskin bakar ca 2000 brød.  Eg må og legge til at maskinene vert betre og betre.  Den første ville ikkje bake særleg grove brød t.d.
Desse tulipanløkane kjøpte eg på Spar i går kveld.  Sjølv om eg har jobba eit par timar i hagen i dag, har dei ikkje kome i jorda.  No håper eg på fint arbeidsver, så skal desse plantast.  Fleire vert eventuelt innkjøpt etter kvart.
 På E-design dumpa eg borti eit lite kurs i borddekking.  Det var interessant.  Eg hugsar ikkje namnet på bestikk og glas, men kjente det att frå interiørbloggar.  Tallerkane på eine bordet hadde sølvkant og kunne ikkje vaskast i maskin.  Å vaske bestikk etter eit selskap/ein fest er no ein ting, men finst det folk som kjøper tallerkar som må vaskast opp for hand?  Lysa fann eg på Bellis blomster ved sida av.
 Søndag kveld kjende eg nokre intense smerter i høgre kne.  De føltes som å bli stukke av ein kniv.  Måndag vart det skikkeleg ille.  Kva hadde eg gjort?  Jau, eg hadde vore i Ørsta og traska rundt i høghæla støvlettar!  Eg spøkte med at det berre er ein ting å gjere, nemleg å kjøpe seg nye med lave hælar.  Men onsdag var eg heilt bra att, og eg gjekk framleis i same stølettane.  I går fekk eg svaret.  Eg sette meg i bilen og køyrde over Eidet.  Då fekk eg svaret: Høge hælar gjev ikkje noko god stilling på gasspedalen! 

Støvlettane over var rimelege, men får gjere nytta som bilsko.
 På biblioteket fann eg desse bøkene i dag.

torsdag 16. september 2010

Over Eidet etter bøker?

For å vere heilt ærleg, så var vel bibliotekbesøket helst eit påskot for å også stikke innom butikkar med 40 og 50% på alle varer.  På biblioteket var eg einaste kunde.  På Amfi var der ikkje verande.  Parkeringsplassen var full på kveldstid. Når eg ser fleire lange køar framfor kassene, snur eg i døra.  Då får sal vere sal.

måndag 30. august 2010

Bibliotek

I dag køyrde Øystein på juniorkamp i Langevågen.  Sidan eg vart utan bil, sykla eg ein tur på biblioteket.  Eg har levert inn Drømmehjerte ulest.  Etter utallige forsøk på å legge den inn på MP3-en gav eg opp.  Same kor eg vreid og vende, kom spora inn i motsett rekkjefølgje, og eg forstår ingenting!  Ikkje minst fordi eg har fått det til før.

Les meir om Sofi Oksanen her.

Om det vert bakt noko frå bakeboka, vil tida vise.

laurdag 14. august 2010

Dagens fangst på biblioteket

I dag fann eg ei MP3lydbokutgåve av ei bok eg ser mange liker.  I tillegg plukka eg med meg eit par heilt nye kokebøker.  Eg meiner eg har sett i alle fall den eine på sal.  Kanskje eg melder dei seinare.  Ved første augekast ser eg at den til venstre har mange (49) enkle oppskrifter på enkle fiskerettar.  Bøkene er likt lagt opp.  Der er god plass til eigne oppskrifter innimellom.  Dei ville kanskje passe godt for unge kokkar.  Eit stort minus, meiner eg, er at der ikkje er bilde av dei ferdige rettane.

torsdag 29. juli 2010

Mat og krim

I dag lånte eg med meg eit par hobbybøker i tillegg til krimbøker.

tysdag 6. juli 2010

Feielektyre

Biblioteket er sommarope for tida.  I dag var der full aktivitet og mange lånarar.  Eg skulle levere inn bøker og sikre meg nokre nye.  Ei dame kom leverte akkurat inn Harens år, og ho ville gjerne ha ei av dei eg leverte inn.  Så spørs det kva eg skal begynne på etter Hjemkomsten.

torsdag 24. juni 2010

Sommarlitteratur

I dag har eg vore på biblioteket og skaffa meg litteratur til sommaren.  Dei to papirbøkene er nynorske.  I fjor bestemte eg meg for at det som skal lesast i papirutgåve, skal vere på nynorsk.  I år må eg vel føye til engelsk også. Boka i midten av bildet er filma.  Eg kjøpte DVD-en til Øystein.  Han vil lese også lese boka før vi ser filmen. 

Han sikra seg dessutan verdslitteratur på sal på biblioeket.  Der ligg store mengder bøker til 10 kr stk. Siste frist laurdag.

No ønskjer eg meg varme og solrike dagar der ein kan sitte i sola og kose seg med ei god bok!

fredag 4. juni 2010

Fleire bøker

Som vanleg når eg berre skal stikke innom eit bibliotek og levere inn bøker, fell augene mine på nye bøker, og så vert dei med heim.  Det spørs om Trude Teige si bok siglar inn øvst på leselista?

Paperback-boka kjøpte eg i Oslo i fjor.  No spørs det!  Skal eg høyre eit kapittel på norsk og så gå over til engelsk eler omvendt.  Eg skal lese den på originalspråket, men treng eit spark bak for å kome igang.

onsdag 2. juni 2010

Ein snartur ...

innom biblioteket i dag.  Eg skulle berre levere inn nokre bøker, men så hadde dei fått inn nokre nye lydbøker som eg ikkje greidde å gå forbi.  Eg ligg litt etter i lesinga, men det kjem vel fredelegare tider snart.

torsdag 20. mai 2010

Torsdagstur

I dag sette resten av gjengen i gang med husarbeid og hagearbeid medan eg tok meg ein bytur. 
Ærendet var, ikkje overraskande, ein tur på biblioteket.  Blogglesarane ser vel kva bok eg skal lese først av desse?
I staden for å vente til neste år, kjøpte eg meg eit par bunadsøyredobbar som eg kan pakke vekk saman med resten av sølvet.  Eg kunne hatt både raude og grøne steinar i om eg ville.  Tredje alternativet var nokre litt mindre enn dei eg enda opp med.  Ein må no få velje litt sjølv!  Eg meiner at eigentleg kan ein ha det sølv ein vil.  Dei som har arva søljer, må sjølvsagt få bruke det sjølv om det ikkje står i boka til den bunaden ein har.  Viss ein skal ta utgangspunkt i tradisjonar, er no vel arv den eldste?

Amfi har fått blomsterbutikk.  Denne spanske margeritten måtte eg berre ha med heim!  Eg reknar med at blogglesarane ser for seg denne saman med appelsintreet og daturaen!

onsdag 12. mai 2010

Eg skulle berre ...

... levere eit par bøker på biblioteket.  Men så kom desse opp i nettet mitt.  Eg kjem vanlegvis ikkje på at det går an å låne seg bøker til å bla i.  Ein treng ikkje eige alle bøker.

fredag 7. mai 2010

Gårsdagens fangst på biblioteket


No har eg lese ut "Skyggemannen".  Bokmelding kjem seinare.  Men blogglesarane kan no gjette kva bok eg skal lytte til når eg no skal vaske hus!

måndag 19. april 2010

Bibliotekrunde

I dag fann eg ut at det var einaste ettermiddagen eg hadde sjanse til å kome meg over Eidet denne veka.  Eg fekk levert inn att bøker både på Hareid og i Ulsteinvik.  Som de ser, lånte eg nokre nye.  Begge dei to øvste er seriebøker.  Sjølv om dei kan lesast kvar for seg, har eg lyst å lese dei i rett rekkjefølgje.  Jorun Thørring si trur eg er den førstei serien.  Den andre får eg legge på vent.

søndag 11. april 2010

Kva les du no?

Boka til venstre er den første i ein ny svensk krimbokserie.  Eg har lese 50 sider til no i dag, og det lovar bra.  Lydbøkene til høgre har eg lånt på Hareid.  Forfattarane og bøkene er ukjende for meg, må eg innrømme, men kanskje eg vert positivt overraska?

torsdag 8. april 2010

Mallwalking

I påska fekk eg med meg på nyheitene at dei har starta ein ny folkesport i Amerika - mallwalking.  Kjøpesentera legg til rette med å opne ytterdørene eit par timar før butikkane opnar, slik at folk kan gå tørrskodde uansett ver og føre.  Som tidlegare brukar av skritteljar, veit eg at ein fort går nokre tusen skritt på ein slik runde.  No er ikkje kjøpesentera her så store som i Amerika, men så har dei fleste bygdene to som ein kan gå mellom.

Mellom dei to kjøpesentra i Vik kan ein sjå to aktivitetar gjennom store vindauge, bingo på eine sida og helsestudio på den andre. 

Ærendet mitt i dag var ein tur på biblioteket.  No har eg lese det som er verd å lese på lydbokbiblioteket på Hareid.  Blogglesarane må gjerne anbefale kva eg skal lese først!

Det vart ein tur innom Kapp Ahl.  Det tikka inn ei melding til meg som VIP-kunde om halv pris på raud pris.  På Kid er det såkalla 40% vennesal.  30% for dei vennelause.  Men P.S. dei vil gjerne vere din venn.  Ja, ja, forstå det den som vil.  Eg kjøpte ikkje noko der i dag. 

tysdag 30. mars 2010

Bibliotek

Dette er dei bøkene eg fann på biblioteket her i går.  Elles har eg liggande ein del lydbøker på MP3-en/datamaskina som eg ikkje har lese enno.  Desse merkar eg no med etiketten "bibliotek", så kan eg finne dei på bloggen etter kvart.  Den islandske krimboka er t.d. eit stykke ut i rekka.  Eg får sjå om eg får lånt dei i kronologisk rekkjefølgje.

tysdag 23. februar 2010

Bibliotek

I går ettermiddag skulle eg eigentleg berre levere inn att nokre bøker, for no er eg på etterskot.  MP3-en inneheld nok å lese til påske.  Men så fann eg desse to!  Den eine kjem nok til å snike i køen.

Elles har eg oppdaga at biblioteket er ei gullgruve også når det gjeld blad/magasin.  Kanskje det var der ein skulle sette seg ned i staden for framfor dataskjermen.