Viser innlegg med etiketten komfyrar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten komfyrar. Vis alle innlegg

søndag 19. juli 2009

Kjøkenmuseum

Litt meir frå Wadköping, Örebro.
I eit av husa hadde dei innreidd eit kjøken slik det må ha vore for 100(?)år sidan. Karen på slagbenken snorka høgt til glede for borna som stakk innom.
Her er mange artige detaljar. Heng der ikkje eit vaskebrett og? Dei hadde tydelegvis ikkje innlagt vatn. Klikk gjerne på bilda!

Og så måtte eg ta eit nærbilde av komfyren.


søndag 15. mars 2009

Moderne vedkomfyr

At det framleis vert produsert vedomnar, og det i moderne design, hadde ikkje eg tenkt over. Men det kan no høve på hytter utan straum t.d. Ein får kjøpt dei på Felleskjøpet. Les meir her.

laurdag 14. mars 2009

Vedkomfyr

Dei som har følgd bloggen min, veit at eg har hatt ei interesse for vedkomfyrar. Interessa er heilt historisk. Eg har ingen planar om å skaffe meg ein. Det starta med at eg las i Vossamat at folk fekk seg vedkomfyr etter 1900. Det synest eg var seint. Men den vart nok populær frå 1870 og utover. Før det hadde dei berre kokeplater og kanskje steinomnar på større gardar og i bakeri?

No kom eg over ei side på internett der dei driv med restaurering av slike omnar. Ein finn t.d onmar med ein tank for varmt vatn. Det var vel dei første varmtvasstankane.
p.s
No prøver eg å samle alle komfyrane eg har skrive om under etiketten komfyrar.

fredag 1. august 2008

Komfyrane

Komfyrane må fa sitt eige innlegg! Denne vedkomfyren har vi sett før. Den stod i det minste huset.

Denne typen har ikkje eg sett før. Den kjøpte kona til Astrup etter at han var død. Ein gong på 30-talet meinte guiden. Den har innebygs vasskokar. Ein fyller kaldt vatn i ein tank og tappar ut varmt vatn i kranen til venstre. Oppå komfyren stod eit vaffeljern av den typen vi hadde fram til 70-talet.

fredag 23. mai 2008

Mat i eldre tider var temaet for dagen.



I det eldste huset var eg ikkje om meg og tok bilde. Der viste dei ein peis med skorstein. Det var nok eit framsteg når det galdt lufta i rommet. Men det vart varmt kun kring eldstaden. Vi ser for oss røyklagde, kalde rom. Ved brukte dei lite av. Det var som hard valuta. Dei selde mest muleg. Dette er ein vedomn med kokeskåp.
Her er vedkomfyren på kjøkenet. Den står ved sidan av Grepakomfyren. Det var knappheit på straum, så dei heiv han ikkje ut når dei fekk ny komfyr. Den fungerte nok også godt til oppvarming av kjøkenet. Det var kanskje der dei oppheldt seg mest?
I Ørsta var dei tidleg ute med å få seg elektriske komfyrar. Grepa selde dessutan komfyrar billeg til ørstingar, slik at det skulle bli stor etterspørsel etter straum og stort behov for rask utbygging. På den måten fekk dei raskare den straumen dei hadde behov for sjølve.


Eg synest det var interessant å få høyre om kva dei åt frå jernalderen og framover. Men det er denne nyare historia, frå ca 1800, som interesserer meg mest. Og eg kunne tenkt meg å vite meir om komfyrfabrikken i Ørsta!



Vi er rike i Norge i dag. Vi slepp å svelte og fryse. Dette er vi lite takknemlege for i kvardagen.. Vi tek det som ei selvfølge. Vi har alltid hatt det sånn. Men Norvald fortalde at det er eldre folk som nekatar å gå inn i det raude huset der det budde folk til 1963. Dei orkar ikkje å sjå elendigheita, seier dei.

torsdag 27. desember 2007

Vossamat

I Vossamat er det mykje norsk historie. Det er nesten så eg ikkje trur alt kan vere sant.
Kor lenge var det vanleg å ete graut av same fat?
Kor tid vart det vanleg å ete med kniv og gaffel?

Frå årestove til vedkomfyr. Kan det verkeleg stemme at vedkomfyren vart vanleg berre for vel 100 år sidan?

Her er mykje tankevekkande stoff. Kvardagsmaten var temmeleg enkel.

Men skilnaden på fattig og rik var stor.