Viser innlegg med etiketten søt gjærbakst. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten søt gjærbakst. Vis alle innlegg

onsdag 22. september 2010

Ungdomsskulebollar

Onsdagane har vi ei kantinegruppe som lagar noko "kosemat".  Vi har prøvd med ulike bollar, og kome fram til at desse er både populære og enkle å lage.  Vi som har prøvd litt forskjellig, har opplevd rosiner som flyt i gangane, og vi veit kor mykje rot og søl som følgjer med vanlege skulebollar.  Desse kan eg trygt anbefale.  Eit lite atterhald: Eg har hatt i sjokoladebitane.
2 pk raud gjær

250 g smelta smør
12 ½ dl mjølk
3 dl sukker
2 ts kardemomme
2 kg kveitemjøl
vaniljekrem
kokesjokolade

1. Smuldre gjæren i bakebollen. Bruk stor kjøkenmaskin.

2. Varm mjølka til 37 grader og hell over gjæren.

3. Ha i resten av ingrediensane og elt deigen smidig og jamn i maskina.

4. Set deigen til heving. Han er ferdig når han når kanten av bakebollen.

5. Del deigen opp i emne på 100 g og trill glatte, sprekkfrie bollar. Trykk dei litt flate.

6. Set omnen på 225 grader.

7. Lat dei heve til dobbel storleik, ca 25 minutt.

8. Lag ei grop i midten av bollane, og fyll ho med ein bit sjokolade og litt vaniljekrem.
   (Eg klipper eit passeleg stort hol i ein "Piano"-pakke.)
9. Steik bollane i 10-15 minutt, og avkjøl dei på rist.


onsdag 4. mars 2009

Klippekrans til kaffien

Dette er det siste produktet elevane får ha med seg heim. I år er påska så sein at eg tok ikkje sjansen på å vente til etter firevekesprosjektet "Brød og tallerken".

Deig:
1/2 pk gjær (fersk raud er best)
2 dl mjølk, lunken
4 ms sukker
1/2 ts kardemomme
ca 5 1/2 dl kveitemjøl

Fyll:
2 ms flytande margarin
2 ms sukker
1 ts kanel

I oppskrifta foreslår dei 1 rive eple. Sjølv ville eg gjerne hatt rosiner i.

Framgangsmåten er som vanleg gjærdeig.

søndag 22. februar 2009

Bollebursdag

Geburtsdagsbarnet feira dagen med å ikkje sleppe inn mål mot Aksla. Blåtrøyene vann med 5 mål. Gåvebordet var prega av DVD-ar, CD-ar og bøker. Sidan det var mykje selskapelegheit på oss i går, vart det enkel kaffimat i dag: Fastelavnsbollar med krem og syltetøy.
Mine eigne geburtsdagar har gått litt i surr for meg, men eg hugsar godt kva eg fekk til 19-årsdagen min, nemleg ei flott klokke. Då var eg ferdig på gymnaset. Klokka gjekk i over 20 år. No har eg mi 3. klokke, også den med dato, noko er eg avhengig av.

søndag 23. november 2008

Aniskringler

I går kom Olaug på at ho ville bake aniskringler. Eg laga ein deig i brødbakemaskina , og ho fekk arbeidet med å trille dei. Når eg no får spørsmål om oppskrift, må eg ta fram ei av dei utslitne kokebøkene mine frå 1985. Ingrid sine oppskrifter er fabelaktige.
For Øystein er aniskringler og kakao julefrukostmat. Eg veit at mange brukar anisfrø. Kanskje nokon veit kor mykje ein då bør bruke? Ein pakke til....
---
På jobb har eg forstørra alle oppskrifter til 2 kg mjøl. Det passar godt i Kenwoodmaskina. Her kjem originaloppskrifta og mi nye.


ANISKRINGLER (32) - Ingrid Espelid

100 g margarin
3 dl mjølk
35 g gjær
3-4 ms sukker
1/2 ts kardemomme
1 1/2 ts stjerneanis
ca 450 g kveitemjøl
---
Lag varmheva gjærdeig. Etter heving deler du deigen i 32 emne, og formar små kringler. Etterhever over damp og steiker dei 10 minutt på 250 grader.
---
Då eg laga kringlene i går tok eg oppskrifta frå "haudet" d.v.s. eg hadde berre andre krydder i bolleoppskrifta.
---
ANISKRINGLER (16 store på ei plate) Solveig
50-100 g smelta smør
3 1/2 dl mjølk
1 egg
1/2 pakke raud gjær
1 dl sukker
1/2 ts kardemomme
1 1/2 ts malen stjerneanis
ca 8 dl kveitemjøl
---
Framgangsmåte og steiking som bollar.
225 grader i 12-15 minutt?
---
I går juksa eg og brukte flytande Bremykt. Det går an i "nøden", men til bollar bør ein bruke meierismør for best muleg resultat.

torsdag 13. desember 2007

Lussekattar



På skulen har vi baka nærare 250 lussekattar. Det vart nok til alle som ville kjøpe i kantina. Nokre av dei vi baka i dag, fraus vi ned. Det vert mykje syting dersom den bakarste i køen ikkje får. Så når vi har noko godt, prøver vi å ha rikeleg.
Heime laga eg ekte lussekattar. Kva er ekte lussekattar? ville dei vite her. Då vert dei baka med verdas dyraste krydder, safran. Eg hadde eit gram på lager som eg kjøpte på Spar for ca ein månad sidan.
Eg brukar ikkje oppskrift når eg lagar gjærbakst, men gjekk her ut frå ei bolleoppskrift eg har i hovudet. Raud gjær, egg og ekte smør gjev god smak og lett bakst. Mine heva seg litt saman, men det synest eg ikkje gjer noko.
Lussekattar
3 dl mjølk
100 g smelta smør
1 pk fersk, raud gjær
1 egg
1 dl sukker
1 g safran
ca 10 dl kveitemjøl
p.s.
Resten av ettermiddagen har eg brukt på kjøpesenter og butikkar i Ulsteinvik.