Arbeidet bør i alle fall gå som ein leik med denne maskina!
Flust lokka med gratis porto denne veka, så no hadde eg endeleg nok trumf til å få denne foodprosessoren som eg har ønska meg lenge. Det er den einaste eg har sett som har såkalla Cube Cutter-funksjon. I dag måtte den sjølvsagt prøvast. Det vart til at eg laga minestronesuppe med små bitar av poteter, skvåsj og gulrot.
P.S.
Den gamle foodprosessoren, som eg har kome fram til er 17 år, har eg gitt vekk.
Viser innlegg med etiketten kjøkenutstyr. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kjøkenutstyr. Vis alle innlegg
fredag 17. september 2010
laurdag 13. februar 2010
No igjen
Eg har vore i tvil om eg skulle vise blogglesarane at eg har gjort det igjen: Kjøpt ny steikepanne. Eg har til gode å kome over ei steikepanne med eit belegg som varer. Jamiepanna mi kan ikkje brukast til eggerøre lenger. Men eg kan no slite på den til kotelettar og liknande.
På skulekjøkenet kjøpte vi slike Nowopanner for eitt år sidan. Dei har halde seg fine. Eg ser også at Wenche bruker dei på Frukost-TV.
Nyepanna mi er 28 cm i diameter og har 7 cm høge kantar. Kapasiteten skal vere på 3,5 l. Handtaket kan takast av. Det kan vere greit både til servering og dersom ein vil putte den i steikeomnen.
tysdag 5. januar 2010
Dagens oppfinning
Av ein eller annan mystisk grunn hadde mange av julegåvene våre noko med kaffi å gjere i år. Med mange ulike kaffiposar i hus, kan det vere praktisk med eit kaffimål med klype. Det er no to ting på ein gong!
Merke: Cemo
Merke: Cemo
måndag 12. oktober 2009
Nye panner - igjen
Kvifor dei kom i posten? Jau, eg fekk dei "gratis" på trumf/flust.
For nokre år sidan kjøpte eg meg større panner. No vert det bruk for mindre panner i kvardagen, men større innimellom. For å seie det slik, eg trur eg er utrusta til dei fleste familiemiddagar, også om storfamilien kjem.
fredag 21. august 2009
30% på hele butikken
Elles var der omtrent ikkje verande på Amfi i går. No driv dei og riv Meny og heilrenoverer for å starte Kiwi. Det går visst ikkje an å drive gjenbruk av hyller og frysediskar!
søndag 12. juli 2009
Made in Sweden I
måndag 6. juli 2009
Eg fann, eg fann!
I fjor fann eg måleskeier på Åhlens i Lillehammer i grønt og blått. Gul gruppe måtte greie seg med svarte måleskeier. I vinter knekte ein kar ei matskei med å prøve å måle smør. I dag fann eg eit grønt og mange gule sett med måleskeier på Åhlens i Örebro sentrum. Eg kjøpte så mange gule at det skal halde ut mi karriere på skulekjøkenet.
laurdag 27. juni 2009
Smart?
No driv eg og legg gamle, holete klutar og handdukar for å ta dei med på ferie og kaste dei etter bruk. Det er godt å sleppe å dra med seg halvvåte handdukar frå ei hytte til ei anna. og så kan ein koste på seg noko meir delikat når ein kjem heim.
torsdag 26. mars 2009
Frå fem til tre?
Det er trist at butikkar forsvinn, og at folk mistar jobbane sine, men samtidig må det ringe ei bjelle når dei bygger to nye kjøpesenter og fyller dei med nye butikkar. Viss dei hadde stoppa i tide, så kunne kanskje nokre ha gått bra.
I går var det -50 og 70% på dei to butikkane som skal vekk. Eg fall for freistinga og kjøpte meg nye kakeformer. Dei gamle grå leiar varme mykje dårlegare enn desse. Kanskje eg skulle ta meg på tak og fylle dei gamle med iskaker?
fredag 6. mars 2009
Den skarpaste kniven i skuffa
I går var eg i byen og kjøpte meg denne knivblokka som eg fekk lyst på etter å ha kjøpt nye knivar. Ved mikrobølgeomnen tek den lite plass.
Elles ser eg at eg har lagt meg i rett prisklasse når det gjeld knivar.
Kva bør ein kniv koste Arne Brimi?
- Rundt 300-400 kroner er nok. Dyre knivar er 50-årsgåver til folk som er snobbete.
VG skriv ikkje nynorsk, men eg er sikker på at Brimi ikkje har i mot omsetjinga.
søndag 15. februar 2009
Bakeplate - litt reklame
p.s.
Eg kjøpte dei på Jernia i Ulsteinvik
søndag 28. desember 2008
Ting og tang
Eg veit ikkje om det berre er eg som finn ting til meg sjølv når eg er på julegåvehandel?
---
Silikonunderlaget fann eg på Nille. Eg var litt skeptisk på om det ville ligge i ro på benken, og om det ville bli lettvintare å vaske dette enn kjøkenbenken. Det siste kjem sjølvsagt an på kva kjøkenbenk du har. Min er begynt å bli gammal. Det er ofte meir arbeid med reingjeringa enn med bakinga. Underlaget eignar seg godt til kjevling og brødbaking. Det ligg ikkje heilt i ro når eg trillar rundstykke med begge hender. Men likevel, reinhaldet er kjempeenkelt anten ein tørkar av det eller vaskar det i oppvaskvatn. Eg tek ikkje sjansen på å vaske det i oppvaskmaskina.
---
Bakeplata kjøpte eg på Jernia. Den er i same merke som dei nye brødformene mine. Her også er reinhaldet kjempeenkelt. Eg kjem til å bruke det mest til bakst som vert best utan bakepapir som til dømes focaccia.
---
For begge desse produkta gjeld det; hald kniven langt unna!
---
Innimellom baking og middagslaging har eg kosa meg med te og bok. "Kose seg" er kanskje ikkje rette ordet for denne boka. Ho er ikkje noko for sarte sjeler.
onsdag 17. desember 2008
torsdag 26. juni 2008
Dei nye tinga frå 80-talet
I dag ringte eg til Ulsteinvik for å høyre om MP3-spelarane hadde kome. Nokon bomtur hadde eg ikkje lyst på i det fine veret. Jammen hadde dei skaffa MP3-spelarane! Dei var med i ein stor annonse på baksida av Vikebladet, så eg hadde kommentarar klar i tilfelle det motsette hadde vore tilfelle... Så no er bilferien redda! Dei to i baksetet slepp å høyre på foreldra sin musikk!Dei gullelokserte brødformene mine som var flotte på tidleg 80-tal, har eg no innsett har sett sine beste dagar. Når eg har laga karamellpudding, har eg smelta sukkeret rett i formene. Brøda har begynt å sette seg fast i formene. Derfor har eg laga brød i langpanna i det siste. Sidan eg først var i Saunesmarka, stakk eg innom Jernia og kjøpte 3 slike former. Eg synest det var kjekt med ny fasong. No går det berre to former i steikeomnen om gongen, men som de ser, kan eg lage større deig enn den på 1,1 l væske som eg gjorde. Eg kan nok trygt lage deig på ca 1,3 l væske og 2 kg mjøl. Det er høveleg i Kenwooden. Sleppbelegget var kjempegodt! Først smurde eg med margarin, så prøvde eg å spraye olje. Begge deler gjekk heilt flott! Formene er dessutan heilt "reine" etter bruk, så med jamn bruk ser eg ingen grunn til å vaske dei i tide og utide.
torsdag 1. november 2007
Ny steikepanne

Eg har vore på utkikk etter ei ny steikepanne.
I dag fann eg ei på Christiania Glassmagasin til 499,-.
Jarnsteikepanna er omtrent like fin etter 20 års bruk.
Til kjøt og pannekaker er den best, men eg likar å ha ei
med anna belegg til fisk.
Denne skal tole metallreiskap og oppvaskmaskin,
men eg trur eg skal vere forsiktig med begge deler.
I dag fann eg ei på Christiania Glassmagasin til 499,-.
Jarnsteikepanna er omtrent like fin etter 20 års bruk.
Til kjøt og pannekaker er den best, men eg likar å ha ei
med anna belegg til fisk.
Denne skal tole metallreiskap og oppvaskmaskin,
men eg trur eg skal vere forsiktig med begge deler.
torsdag 13. september 2007
Formfeitt
Denne flaska går under "Kjekt å ha".
No når formfeittflaskene er fjerna frå hyllene eller erstatta med flasker av dårlegare kvalitet, er dette eit godt og miljøvennleg alternativ.
Ein fyller flaska med t.d. rapsolje og pumpar før ein sprayar. Greit til vaffeljernet også.
Denne kjøpte eg for 149 kr på Christianina Glassmagasin. Jernia og Eurospar har billegare alternativ.
Abonner på:
Innlegg (Atom)