fredag 21. august 2009

30% på hele butikken

Eit par av butikkane på Amfi lokka med 30 % på alle varer. Då vert eg freista til å kjøpe det eg treng/har lyst på. Kle held eg utanfor bloggen, men kjøkenreiskapa eg kjøpte skal de få sjå! Begge var nye for meg. Eg undrar meg over fargevalet på vispen. Den er mjuk. Skeia/sleiva tenkte eg til å til dømes ta ris med. Eg kjem til å gje vekk "gammalt" utsyr til dei som flyttar heimanfrå.

Elles var der omtrent ikkje verande på Amfi i går. No driv dei og riv Meny og heilrenoverer for å starte Kiwi. Det går visst ikkje an å drive gjenbruk av hyller og frysediskar!

4 kommentarer:

Besta sa...

Fargen på den vispen såg ut til å passe veldig godt på mitt kjøkken......Dei fleste reiskapane mine er svarte, men så har eg litt grønt innimellom.Dumt at dei kuttar ut Meny-kjeden, Kiwi finst no alle stader, her i Ø. har vi ti.

Besta sa...

PS: Der skulle stå to, ikkje ti. Det er no ei grense for alt.

solveig sa...

Heilt einig. Meny har fleire spennande matvarer enn andre butikkar. Sidan eg handlar mest på Coop Prix, føler eg at eg må innom butikkar med breiare utval innimellom. Kiwi har vel færre varer enn Eurospar? Så då får ein halde seg på Hareid!

solveig sa...

Eg har ikkje testa ut vispen enno. Det gjer eg alltid før eg tek gavehandelen. Du fekk ein grøn slikkepott av meg som eg kjøpte raud av. Den synest eg ikkje var god, så heretter prøver eg ut før eg kjøper til andre.