måndag 17. august 2009

Lære for livet - eller næringslivet

I dag har vi hatt ein innhaldsrik dag. Vi starta med planlegging på eigen skule.

Klokka to var alle lærarane i kommunen samla til fellesmøte på Hareid skule. Der var det innlegg frå mellom anna musikkskulen, den nye områdeleiaren, ordføraren og kommunelegen.

Orføraren la fram tema vi kunne reflektere over, mellom anna det som står i overskrifta. Sjølv har eg alltid hatt som utgangspunkt at elevane skal lære for livet. På 70-talet sat vi nemleg med store auge og såg på ein svensk TV-serie med same namn. Der hadde dei OBS-klasse. Elles hugsar eg ikkje så mange detaljar anna enn at der var mykje slags åtferd vi ikkje hadde sett før.

I dagens skule er det mykje fokus på ulike karleggingsprøver. Sjølv er eg ikkje i mot desse, men meiner dei har lite i avisa å gjere, spesielt på skular der forholda er små. Dei som har vore lærar nokre år, veit at variasjonane mellom kulla kan vere store. Dessutan har det vist seg at enkelte skular "juksar" med å halde elevar som vil drage ned snittet utanfor.

Eg trur det er viktig med mange aktivitetar i skulen, slik at vi får fram mange talent.

Elles forstår eg det slik at rundt om i Norge skal alle lære å vaske hender og nyse i innsida av albogen. Etter helsepersonell og kronisk sjuke kjem turen til lærarar og førskulelærarar når det gjeld vaksinering. Eg nektar!

2 kommentarer:

Besta sa...

Eg har nettopp høyrt politisk debatt på TV, der dei mellom anna snakkar om skulen, og at kvar 5.elev går ut av skulen utan å kunne lese eller skrive. Lurer på kva skular dei snakkar om.ALLE elevar eg har hatt har i alle fall lært det, meir og mindre godt.Normerte prøver er OK for læraren, som ei rettesnor for vidare arbeid, men skal ikkje offentleggjerast.!!!

solveig sa...

Eg har aldri hatt elevar som ikkje kan lese og skrive...