torsdag 13. august 2009

Test av bakemiks

I går kom eg over eit 10-kronerstilbod på ferdigblanda brødblanding. Sidan eg venta besøk av ein heil gjeng, tenkte eg det passa godt med nybakt brød og godt pålegg. For dei som lurer; eg har ikkje "bakt med hendene" i heile sommar. Brødbakemaskina har derimot vore i bruk kvar dag.
Eg gjorde alt etter oppskrifta. Eg brukte til og med tørrgjæren som følgde med. Den løyste eg opp i halvparten av vatnet. Resten av vatnet varma eg meir og slo det over mjølet for å få ein varmare deig til tørrgjæren.

Produkta over og under har eg reklamert for før. Benkeplatene mine frå 93 er ikkje så gode å reingjere, så bakematta gjer reinhaldet enklare. Brødformene er i merket InVite kjøpt på Jernia. Dei treng omtrent ikkje feitt.

Eg laga to 1 1/2 l brød og eitt 2l.

Konklusjon:
Eltinga gjekk heilt fint. 11 dl vatn var akkurat passeleg til 2 kg.
Hevinga gjekk treigt. Eg er ikkje flink å bruke tørrgjær. Ein annan gong ville eg brukt vanleg gjær, og ikkje så mykje. Ein treng ikkje doble gjæren om ein doblar mjølmengda.
Smak: Det er god smak av frø, men for sterk saltsmak.
Næringsinnhald: Eg er ueining i at eit brød med 44% grovt i får nøkkelholmerking.

I brødbakemaskina kjem eg nok til å bruke 1/2 kg brødblanding og resten Fibramjøl.
Elles måtte eg lage ei ny Trondheimsuppe fordi nokon hadde ete opp den første eg laga før andre fekk smake.


P.s
Det kom foreldre og tre gutar i går. Den yngste var nesten for mett til is etter å ha ete ferskt firkornbrød med eggerøre.


2 kommentarer:

Besta sa...

Ingen ting er så godt som fersk, godt brød og pålegg. Då kan dei berre ha kakene for meg.Eg brukar BERRE tørrgjær, fordi eg ikkje bakar SÅ ofte, men brått kan få ideen.Eg blandar tørrgjæren i mjølet og brukar litt varmare væske enn til vanleg gjær. Brøda hevar seg fint sjølv om eg lagar dei nokså grove. Eg brukar ikkje bakemaskina, men rører deigen i mixar.

solveig sa...

Gjestene i går er av ein takknemleg sort "Det er ikkje alle stader ein kan kome med 4 svoltne gutar", som mora brukte å seie. For svoltne vert dei, om ein skulle finne på å fore dei før ein fer og....
Eggerøre fall spesielt i smak. Eg hadde både fenalår og spekeskinke til...