laurdag 8. august 2009

Kakesal

Tidlegare i sommar spurde Anlen om vi kunne ta på oss matsal på Holesanden. Det var akkurat den søndagen vi var i Örebro, så det måtte vi seie nei til. Den som tek det på seg, må skaffe fleire til å hjelpe seg. Ikkje mange dagane etterpå ringte mi venninne M og eg sa ja til å hjelpe 30.august. Onsdag kom vi på at vi skal til Oslo den helga, noko vi ikkje visste i juni. Eg snakka med mannen til M og la fram problemet. Nokre timar etterpå ringte K og spurde om eg kunne hjelpe no til helga, for ei som skulle hjelpe henne skulle noko anna. Det sa eg ja til, og fekk mykje betre samvit for å ha svikta M. Dei to visste ikkje om kvarandre. Elles er det no same "butikken".

Det er KFUK/KFUM som driv matutsalet. Der kjem mange litt eldre folk som likar blautkake. Det passar meg godt. I tillegg skal eg bake ei Kvæfjordkake, og der treng eg råd!

Eg har alltid kokt fyll til den Kvæfjordkake, for eg innbiller meg at Piano blanda med krem kan bli for blautt? Det er noko med det ein har gjort i alle år... Kva brukar folk til fyll?


I Ørsta kjøpte eg cemo bakepulver og har no kasta den store runde boksen.

Eit lite apropos til det ein har gjort i alle år: Her er oppskrifta på sukkerbrød. Den er mange og tjue år. Eg trur eg må ha skrive den av frå eit blad - på maskin.
Der er ikkje oppskrift på 26 cm, så i dag brukte eg 6 små egg og elles litt mindre av kvar ting.


7 kommentarer:

Alt godt sa...

Piano vaniljekrem går heilt fint. Eg brukar den når eg har det travelt, og det er stort sett alltid. ;-)

solveig sa...

Piskar du den først, eller blandar du den rett i kremfløyten? Eg har liggande eit par pakkar Piano....

Besta sa...

Eg lagar sjelden Kvæfjordkake, eller kake i det heile tatt. Men piano må no gå fint,den er jo både tjukk og stiv i kosistens.Eg hadde ein gong ei oppskrift på sukkerbrød, men eg lagar utan oppskrift no. Går ut frå den gamle oppskrifta med 4 egg+2 dl sukker. Så kan eg ta eit egg meir og ev.minke sukkermengda. Har i potetmjøl+kveitemjøl til blandinga er passe tjukk og ei teskei bakepulver.Rører med mixar etter at alt er blanda. Set kaka i kald omn og termometeret på 160 grader. Steik ca 1 time. Blir ALDRI mislykka.

solveig sa...

Eg brukar slikkepott etter at eggedosisen er stiv. Oppskrift er nok ikkje så nøye, som du seier kan ein redusere sukkermengda. Eg set i varm omn. Denne omnen er varmare enn den eg hadde før, så eg skrudde ned til 150 grader.
Det vert nok Piano ja, men eg fyller den ikkje før i morgon.

Besta sa...

Grunnen til at eg rører med mixar er at eg ikkje vil ha så altfor porøs og "storhola" kakebotn.

Alt godt sa...

Eg rører den glatt, og blandar med piska krem. Blandingsforholdet huskar eg ikkje no i farta.

solveig sa...

Takk for tips!