fredag 7. august 2009

Blå voksduk

Eg veit ikkje om det var bildet av Margrete sin voksduk på hennar blogg (Vi kjøpte oss like dukar sist utan å vite om kvarandre, og no har ho altså ny.),eller det at eg køyrde forbi Hareid Rør og Interiør på veg mot Brandal, eller begge delar, som gjorde at eg i dag endeleg bestemte meg for å handle.
"Eg er ute etter ein blå voksduk", seier eg når ho som ekspederer spør. Der var ikkje noko alternativ, så eg kjøpte den eine dei hadde og var sånn passeleg fornøgd.
Men så dekte eg på bordet og kom til at duken passa fint til frukostserviset mitt!
---
Elles kan eg melde at jusstudenten er vel framkomen til hovudstaden. Akkurat no bur han på hybelen til eldste søskenbarnet sitt. Onkelen og søstra hennar kjem dit i morgon på besøk. Dei skal hente ein del ting og ta med seg nordover.
---
Det er andre mann som flyttar heimanfrå her i familien. Det er ei heilt spesiell kjensle, spesielt for mora, trur eg. Men eg trøystar meg med at det er ein ting som er verre enn at dei flyttar ut, nemleg det at dei ikkje gjer det.

3 kommentarer:

Besta sa...

Skal eg legge min blåruta ut på bloggen også?

solveig sa...

Smaken er som baken, den er delt. Deler vi smak?

arieldog sa...

Fin duk! Har sett på sorten sjølv, men det er vel inga bombe. Blått er liksom sjølvskrive her i huset.