torsdag 6. august 2009

Reiret tømest

I dag har tanta henta dei to yngste til ein liten tur på landet. Ingeborg og Håkon har planlagt tur til Molde med innlagt fotballkamp.

Observante lesarar kan sjå at tanta har kjøpt seg ny 5-literspanne. Det stod blomkål/brokkolisuppe og kylling på menyen. Yngstemann kom ikkje lenger enn til forretten, men den åt han til gjengjeld fire porsjonar av. Då vart alle så varme at det var bra desserten var iskald.

Jusstudenten har no pakka kofferten. I morgon tek han fly til hovudstaden.

6 kommentarer:

Besta sa...

Vi ønsker studenten lykke til.Hels han og sei at han må ta trikken og ikkje gå Storgata før han er betre kjend, i alle fall ikkje om kvelden.Steffen og dama skal også bu på Anker.

arieldog sa...

Takk for oss! Og takk for mat, får eg vel seie, spesielt på vegner av Minstemann...

solveig sa...

Kjekt at han er sulten frå han kjem...

arieldog sa...

Han er heldigvis ikkje den første i slekta som har erklært seg "sulten" ved ankomst!

solveig sa...

Ja, det gjeld vel både her og der. Eg hugsar ein som vart "folten" når han såg brødristaren til bestemora!

arieldog sa...

Ja, det var han eg tenkte på. Snakk om Pavlov!