tysdag 4. august 2009

Bok 47: Nest siste nynorskroman...


.... i denne omgang.
---
Eg har hatt eit lite prosjekt med å gje nynorsk skjønnlitteratur ein sjanse i sommar.
---
No fann eg ei bok av ein kvinneleg forfattar eg ikkje har høyrt om før.
Det tok meg eit par timar, eller knapt nok det, i sola å lese denne romanen. Kva handlar den om? Ja, sei det! Boka minner meg om ein elev eg fornærma for nokre år sidan. Eg sa ho var flink å skildre, men i lengda vert det kjedeleg å lese to sider om morgenstellet til folk. Noko liknande ville eg sagt til denne forfattaren. Kvifor treng vi å lese om at folk tissar og tørkar seg?
---
No ser eg at der er folk som skryt romanen opp i skyene på nettet. Då var det rett og slett befriande å kome over denne kritikken.
---
Grunnen til at eg i det heile kjem gjennom romanen, er at den er på 107 sider og mange av dei er halve. Så får vi håpe at Havets katedral med sine 640 sider er ein litt av ein pageturner.

2 kommentarer:

Besta sa...

Eg plar seie at ein treng ikkje nemne kvar einaste te-kopp.Eg likar godt at bøkene har ein relativt knapp stil, men der er grenser for alt. Boka eg har starta på no, har eg vanskelig for å legge bort, så får vi sjå kva eg meiner til slutt. Havets katedral var eg ikkje udelt begeistra for, men har tenkt å lese den om att.

solveig sa...

Eg fekk den til geburtsdagen min, men så har eg vore litt for ofte på biblioteket og der er det tidsfrist...