onsdag 5. august 2009

Bok 48: White trash....


...ville vi heller sagt i dag.
---
Denne boka har vi hatt ståande i bokhylla, sikkert sidan 1986 då ho kom ut, utan at eg har lese henne. No har eg kome nesten til botnen av lydbokbunken på biblioteket. Det nærmar seg utskifting, har dei lova der.
---
Det første som slo meg, var den håplause slangen. Det er ingen som snakkar sånn lenger. Dette er 70-tals!
---
Men etter å ha lese ei stund, vert eg riven med i forteljinga. Ambjørnsen skildrar eit miljø som han sikkert må kjenne frå innsida. Derfor vert det truverdig. I tillegg til alvoret får han smetta inn ein del humor.
---
Dette er vel ei bok som burde vore obligatorisk for alle norsklærarar?

2 kommentarer:

Besta sa...

Eg har lese denne boka, men det er så lenge sidan at eg knapt hugsar noko av den. Ambjørnsen har mange gode skildringar av folk som lever utanfor eller på sida av samfunnet.Eg har stort sett likt bøkene hans.

solveig sa...

Heilt sikkert mykje sjølvbiografisk stoff her.