fredag 12. november 2010
Brødhistorie
onsdag 3. mars 2010
Et smart
Elles har eg eit inntrykk av at det er mange unge jenter som er opptatt av sunt kosthold. Men mødrene sine slankekurar passar kanskje ikkje for dei. Karbohydrat er eit skjellsord.
Det spørs om eg må bestille denne boka for å lære meir om mat og trening. Oppskriftene skal vere enkle og raske. Du kan lese meir på brødogkorn. Der finn du og ut kvar du kan kjøpe boka. På Haugen er den litt dyrare, men der er det portofritt om du bestiller for meir enn 250 kr, altså må du unne deg ei bok til.
torsdag 31. desember 2009
Kva et du?
Om folk har like faste nyttårstradisjonar, er eg ikkje like sikker på! Men eg legg ut ei ny undersøking. De kan stemme på fleire rettar her. Dei som ikkje har fast tradisjon på det, kan stemme på det + det dei et i dag.
Til venstre ser de ei kokebok eg fekk til jul. Eg har ikkje laga noko frå den enno, men kosa meg med å lese frå livet til Ingrid. Ho fortel både om tida i Fjernsynskjøkkenet, og frå familien sin. Sidan det er snakk om julaftan, skal de få eit lite sitat:
Svineribben vant aldri terreng hjemme hos oss. Og når jeg tenker på alle de telefonene og brevene jeg har fått om svineribbe opp gjennom årene, så er jeg nesten glad for at det ikke har vært ribbe til jul hos oss. Hvis ribben ikke blir vellykket - altså viss svoren ikke blir sprø - høres det nesten ut som det kan gå på livet løs. Nesten være skilsmissegrunn.
Ja, ja vi som har eit avslappa forhold til poppa grisehud, synest det kan bikke av og til. Eg gløymer ikkje eit program frå den norske leiren i "Syden" der heile julaftan gjekk ut på å engste seg over dei spanske kokkane.
laurdag 14. mars 2009
Kaffi

På Mammutsal i byen kom eg over denne kokeboka. Eg kjøpte den m.a. p.g.a alt kulturstoffet. Det kan hende det kjem til å drype litt på blogglesarane framover. I dag vert det litt om kaffi:
På slutten av 1700-talet gjorde kaffiimporten sitt inntog. Kaffien kom frå Tyrkia til Frankrike, og bruken spreidde seg nordover i Europa. I somme krinsar tok dei imot han med glede og såg han som ei motvekt til alkoholhaldige drikker, men i område der dei produserte vin, vart det stor motstand mot denne nye drikken. I Tyskland førte det til forbod mot å bruke kaffi. At styresmaktene oppmoda folk om å melde i frå om det lukta kaffi hos grannen, syner alvoret. I Norden var det lite produksjon av alkoholhaldige drikker. Kyrkja tok ikkje avstand frå kaffien, men det dansk-norske bondelaget sende ut eit protestskriv som skildra alt det uheldige som kunne hende den som drakk kaffi.
laurdag 7. mars 2009
Nei, eg har ikkje begynt på julebaksten
Forfattaren har valt litt tradisjonelt, men og lagt vekt på at tidene endrar seg. Ho verkar engasjert. Oppskriftene verkar gjennomarbeidde. Mannen har tatt bilda, noko som sikkert er ein fordel tidsmessig.
Ja, så måtte eg prøve ei brødoppskrift då!
"Dette er de enkleste og mest lettvinte brødene jeg har på mitt repertoar", skriv ho, og kjem med forslag om alternativ til slutt: Med denne oppskriften som utgangspunkt, kan du lage helt fine eller enda litt grovere brød".
Dette er slik ei kokebok skal vere. Du må vise at du brenn for det du styrer med. Hadde eg vore forlagskonsulent, så hadde eg sendt attende bøker med oppskrifter der det er koppemål eller mjøl til passe deig. Eg ser korleis skjønnlitteraturforfattarar må arbeide med manuset sitt, så kvifor ikkje stille krav til kokebokforfattarar?
torsdag 5. mars 2009
Tallerkenmangel?
Når ein på Røros serverer fisk og rømmegraut på same fat, kan det vere fordi ein mangla tallerkar? Dette er festmat. Ein annan stad i boka kan ein lese det ei 90 år gamal dame skriv om gravøl:"Det var smått stell med koppar hos folk, så dei åt ofte to og to i lag."
Elles er det ikkje så lenge sidan folk åt graut frå eit stort fat med kvar si skei.
tysdag 10. februar 2009
Årets boksal - sære interesser.


I forfjor fekk eg boka frå Voss til jul. Den var svært lærerik. Oppskrifter vert det som regel nok av. I denne boka fekk ein i tillegg mykje kultur- og mathistorie. Det var då mi interesse for gamle komfyrar vart vekt. Det gjekk verkeleg opp for meg korleis oldemødrene våre har hatt det.torsdag 10. april 2008
Gammal kokebok

Det hadde vore artig å visst kor mange som kjøpte denne boka på 1800-talet!
søndag 9. mars 2008
Fruktkompott
Når eg ein sjeldan gong skal lage fruktkompott, tek eg fram denne boka. Det er ei bok med skikkeleg norsk tradisjonsmat frå vår barndom. Typiske 70-talsrattar som terteskjell med fiskepudding og kabaret. Elles er der eige kapittel om safting og sylting.
Grunnen til at eg brukar denne oppskrifta på kompott, er at den er lite utspedd. Eg ser ingen grunn til å spe ut med mykje sukker og vatn.onsdag 27. februar 2008
Mammutsal: Boka eg ikkje skulle kjøpe, men kjøpte likevel
Forfattaren fortel i forordet at ho "møtte veggen", og at delar av inntektene går til Rådet for psykisk helse.
Boka inneheld mange "runde kaker", meir moderne enn dei eg brukar å lage om att og om att. Kanskje ein kan utvide repertoaret litt.
I boka finn ein oppskrifter frå profesjonelle.
Kva er det denne dama ikkje kan?
Forfattaren sine eigne kaker er kanskje dei mest freistande. Denne har eg tenkt å lage ved neste høve.torsdag 27. desember 2007
Vossamat
I Vossamat er det mykje norsk historie. Det er nesten så eg ikkje trur alt kan vere sant.Kor lenge var det vanleg å ete graut av same fat?
Kor tid vart det vanleg å ete med kniv og gaffel?
Frå årestove til vedkomfyr. Kan det verkeleg stemme at vedkomfyren vart vanleg berre for vel 100 år sidan?
Her er mykje tankevekkande stoff. Kvardagsmaten var temmeleg enkel.
Men skilnaden på fattig og rik var stor.
Mine beste sider

Allereie i tittelen legg Viestad an tonen. Her er mange gode forklaringar og forteljingar. Språket er godt, og han legg vekt på gode overskrifter, helst med dobbelt meining.
Tatt på fersken
Tanta til Beate
Kanskje kommer kongen (Elvismat)
Rått parti
Jeg fikk skokk (om jordskokk og Coop lyngdal og fordommar)
Noe i gjære
Dei som les Magasinet vil kjenne att sidene derifrå. Eg kjøper Dagbladet så og seie kvar einaste laurdag, men klipper sjeldan ut sidene hans. Kanskje vert eg flinkare til det heretter, eller skal eg satse på at han gir ut fleire bøker?
For dei blogglesarane som har boka, vil eg legge inn eit godt ord for landbrødet s.63. Den artikkelen var ønskereprise for eit par år sidan. Eg laga brøda, og dei var berre kjempegode.
I artikkelen "Lørdagsgodt" s. 214 skriv Viestad knakande godt om den norske pizzaen.
Eg kjem nok attende med erfaringar og oppskrifter seinare.
onsdag 26. desember 2007
Smak av krydder

Dette er ikkje berre ei kokebok. Det er ei reiseskildring med mange flotte bilde. Den inneheld fakta om krydder og oppskrifter og ikkje minst skildrar Andreas Viestad opplevingar frå reisene sine. Han krydrar med personlege meiningar.Eg har fått lyst til Thailand! Der er oppskrifter frå mange land, men Thailand freistar mest. Neste sommar vert det ikkje, då har vi planlagt tre andre feriar. Heldigvis har han kome med tips om stader i Oslo der ein også kan få godt krydra mat. Dit skal vi!
Etter å ha lese kokebøker i fleire timar, fekk eg så lyst til å prøve noko. Sjølv om vi har mykje mat i hus, så har vi ikkje ingrediensar til så mange av desse rettane. Ikkje var eg særleg svolten heller. Så fall augene på ei dessertoppskrift som gjekk igjen i begge Viestad sine bøker. Dessert av appelsin og kanel. Enkelt og greitt. I Mine beste sider var der sukker også. Han understrekar at kanelen må vere av god kvalitet. Eg hadde fått kanel av same type som grautkrydderet til jul og appelsinene var kjempesøte og gode (spanske frå Prix). Høyrest det merkeleg ut? Prøv sjølv! Det var kjempegodt!




