tysdag 1. september 2009

Plomme- og eplesaft

Plenen her var full av plommer som det var for gale å la rotne. Vi plukka inn dei fine og la dei i saftkokaren.
Eg fylte opp med dei minste epla som kom frå Ørsta. Etterpå fekk eg vite at epla var til kaninane. Men vi var einige om at dei ikkje hadde godt av alle.

Eg hadde i like mykje sukker som til vanlege bær. Det vart altfor mykje. 1/2 kg hadde nok vore nok. Frukt er nok mindre kompakt og søtare enn bær.

Safta smakte godt til trass for at ho var for søt, og ho har ein nydeleg farge.






5 kommentarer:

Besta sa...

Eg likar alltid å sukre både sylte og saft heilt til slutt, då kan ein smake seg fram til kor mykje sukker ein vil ha i. Plommer er veldig søte i seg sjølve. Eg rensa ein to-tre kilo og fraus i dag. Fælt å sjå på alt som må kastast.

solveig sa...

Dette var no eit alternativ til å kaste. Tysdagane har eg 8-timarsdag med 6 undervisningstimar Når ein då skal handle og gå tur, passar det med slikt som passar seg sjølv.

Hildegard sa...

Får dårleg samvet når eg ser kor flink du er å utnytte ressursane!
Trur det berre er borna borte på Os som drikk heimelaga saft, dei er godt opplærde av farmor Signe gjennom alle år. Ho lagar saft og Kåre ordnar med vinterved. Besten og eg må passe oss med sukker, så det blir helst kjøpesaft, dessverre.
Eidabesta

solveig sa...

Det går kanskje an å lage sur saft og fryse og så blande den med sukettar utrørt i kokande vatn? Ein må sjølvsagt ha isbitar klar. Då vert det kun sukkeret i bæra ein får i seg slik som i Lerum utan tisett sukker.

Besta sa...

Trur Nils har raka i hop og kasta fleire hundre kilo plommer. Dei som har falle ned er ikkje brukande. Dei som eg har frose,måtte eg rense nøye.Marit har også fått så mykje plommer ho vil.Her var enorme mengder, og enno er ikkje Victoriaplommene modne. Tenkte vi skulle bruke epla til noko, men likar best å styre med det ute, så vi ventar på høvelig ver.