laurdag 5. september 2009

Lærarane

Jordmødre og andre yrkesgrupper på sjukehus har hatt sine realityseriar. No er det visst lærarar og forsvarsadvokatar som skal i elden. I dag såg eg reprisen av 2. episode der vi fekk møte ulike lærarar.

Den unge kvinnelege læraren uttrykker det mange lærarar opplever: Det går så mykje tid til møte. I skulen oppstår det til dømes konfliktar der ein må gå rundar med elevar, foreldre og andre tilsette. Episoden med Muhammed var både eit godt og eit dårleg døme. Læraren takla situasjonen fint i byrjinga. Men møtet med assistenten var hjerteskjerande. Her møter vi ei dame som er den som skal ta seg av guten, og som dermed burde vere ei han har eit godt forhold til. I staden vert ho oppsett på å forsvare sine eigne handlingar, sjølv om han forklarer godt si oppleving av saka. Og der sit ho med ei brødskive i handa. Vaksne har plikt til å vere vaksne i slike situasjonar.

Den unge mannen er på defensiven. Han uttrykker at han føler han ikkje meistrar jobben. Kollegaer trøystar, men kjem ikkje med konkrete tips. Møtet med foreldra til eleven med hovudverk, trur eg er svært typisk. Foreldre engasjerer seg mykje meir no enn før. Denne læraren treng hjelp og konkrete tips. Eg er sikker på det går bra med han om han ikkje gjev opp. Eit lite tips til unge menn: Gidd du ikkje stryke skjorta di, kjøp T-skjorter!

Den profesjonelle førsteklasselæraren, den anonyme dama, er eit godt eksempel på slitarane i skulen. Det er ikkje nokon lærarar eg beundrar meir enn dei som tek den første opplæringa og oppsedinga. Eg kan omtrent tenke meg kor sliten ho er etter endt arbeidsdag. Frileiken fekk vi ikkje sjå i denne episoden. Men det er slitsamt med hysjing, ikkje minst må det vere det for henne. Finst det ikkje alternativ?

Eg oppmodar blogglesarane om å sjå serien på NRK om onsdagane! (Reprise laurdag kl. 10.00 og så ligg dei nok på nettet.) Her er mykje godt diskusjonsstoff.

Bilde er av tesilen eg kjøpte torsdag. Ei artig oppfinning frå Cemo. Den fungerer også som røreskei.

5 kommentarer:

arieldog sa...

Du tenkte akkurat slik som eg - spesielt hjarteskjerande syntest eg det møtet mellom assistenten og den triste guten var. Ein kan lære mykje av dette!

solveig sa...

svært ulik dei assistentane eller barne- og ungdomsarbeidarane eg kjenner!

Besta sa...

Lurer på kor mykje av dette som er iscenesett?
SÅ håplaus som den unge læraren er er det ikkje lov å vere, SÅ lite praksis har dei ikkje i lærarutdanninga. Vi skal nok få sjå at han får gode råd og kjem seg etter kvart, meiner eg. Elles var det ikkje kjekt å sjå asssistenten med brødskiva.

Hildegard sa...

Eg har sett begge episodane. Dette er eit tema som interesserer meg, sjølv om eg ikkje har vore lærar.
Det er sjølvsagt lett å sitje på utsida og seie korleis ein meiner ting burde vere, men sikkert ikkje så lett for dei som er oppe i det.
Assistenten burde hatt ein annan jobb, trist at den flinke læraren må bruke tid på henne.
Eidabesta

solveig sa...

Kombinasjonen "ung lærar" og "gammal assistent" er ikkje alltid like enkel. Den unge læraren greidde ikkje å ta innersvingen på situasjonen.
Assistentane bør vere utdanna. Det har vore ein tendens til at ein har tatt folk "frå skogen" og inn i barnehagar og skular. I seinare tid har det heldigvis vorte utdanna barne- og ungdomsarbeidarar.