laurdag 19. september 2009

Irsk stuing eller Puspas?

I dag har vi hatt besøk frå Ørsta. Dei hadde ærend med å bringe og hente litt forskjellig. Eg skulle ikkje lage "noko styr", så det vart enkel middag og enkel oppdekking.

Då eg laga fårikål og var innom ein annan blogg med Heidi sine oppskrifter, begynte eg å mimre litt frå praksisen i studietida. På Bergensskulane vart det laga Irsk stuing og ein bergensk spesialitet "Puspas". Eg har sett spekulasjonar om at bergensarane har vorte påvirka av irane. Eg vil heller tru at ein oppfinnelse som å koke kjøt og grønsaker i same gryte, kan gjerast fleire stader samtidig. I Marokka åt vi nydeleg fårekjøt kokt saman med grønsaker servert saman med couscous.

Eg gjekk inn på matprat og søkte på Irish stew og fann ut at det vart brukt ulike grønsaker i dei ulike oppskriftene. Fol tek vel det dei har!

Sidan eg ikkje likar grønsakene ihelkokte, kokte eg kjøtet møyrt først i vatn og 1 ts salt pr kilo kjøt og både heil og vanleg pepar. Deretter hadde eg i dei grønsakene eg hadde i kjøleskåpet: Løk, kålrot, gulrot, sellerirot, kål, blomkål og poteter. Lettvintare kan det ikkje gjerast!

Ein kunne sjølvsagt ha laga saus av krafta og kalla det fårefrikassé. I dag ville vi ha plass til litt jordbærgele.

1 kommentar:

Besta sa...

Og takk for god mat og god prat. Retten av fårekjøtt og grønsaker smaka fortreffelig, og nyhausta grønnsaker er berre topp.Dessert er heller sjeldan kost for oss,så dermed vart det fullt festmåltid.