fredag 13. mars 2009

Etikettar

Eg har lenge hatt lyst til å sortere innlegga mine med etikettar, slik som mange har på bloggane sine. Men det har skorta litt på datakunnskapane, for å seie det som det er.

Når no systra mi har fått det til, så vart det akkurat det sparket bak eg trong. Når ho i tillegg kom med eit tips om korleis eg kunne gjere det enkelt, så var nysgjerrigheita vekt.

Som de ser til høgre, så er eg i gang! Eg var litt snar med å skrive bøker, og det greidde eg ikkje å slette. Eg vil nemleg skilje mellom romanar og t.d kokebøker.

Alle innlegga får nok ikkje etikettar. Nokre saker har interesse berre ei kort tid.

Når eg gjev romanane mine nummer, så er det ikkje for å lese om kapp med slekta. Det kan kanskje sjå sånn ut for andre. Eg gjer det for å sjekke om eg les omtrent så mykje som eg trur, nemleg ei bok i veka.

Til slutt vil eg ønskje alle blogglesarane ei god helg!

9 kommentarer:

Besta sa...

Som de ser har eg også fått til å legge til etikettar, heilt utan hjelp.Eg er sjølvsagt ikkje ferdig enno, for det tek si tid.

STRIKKEMOR(O) sa...

Det er flott at du sorterar på denne måten, slik at det blir lettare for oss lesarne å finne igjen ei matoppskrift! Ha ei fin helg!

arieldog sa...

Tek ikkje så lang tid viss ein gjer slik som eg; gå inn på rediger og få fram heile lista over innlegg. Då kan ein merke av mange innlegg om gongen(ein kan få vist 400 innlegg på ei side) og setje ein etikett på dei: Mine etikettar kom på då eg hadde ein time der elevane arbeidde sjølvstendig...

solveig sa...

Det var no spesielt på grunn av oppskriftene. Hage og plantar er neste prosjekt. Tida går fort når ein held på med dette.

Besta sa...

Eg fekk berre inn 25 innlegg pr. side, derfor tok det tid. Må forske litt meir, trur eg.

solveig sa...

Det er enkelt; Oppe i høgre kant ståt der "innlegg pr side".

Anlen sa...

Eg har oppdaga at dersom eg ikkje har nokon innlegg som er linka til ein etikett, vert den borte. Så det kan vel hende at det går hos deg også?

solveig sa...

Lyset går kanskje opp undervegs også!?

solveig sa...

No fekk eg "bøker" til å forsvinne!;-)
Eg vil skilje mellom kokebøker og romanar!
Takk Anlen!