søndag 8. mars 2009

Dagens brød

No har eg bakt etter eige hovud, etter først å ha bakt etter oppskrift. I går let eg brødbakemaskina kna ein kald, laus deig. Den fekk stå i kjøleskåpet til etter fjellturen. Der meiner eg den stod i over to timar. Brødet forma eg med ei deigskrape. Deretter fekk brødet heve lenge igjen, 1 1/2 time, trur eg. Eg steikte det ved 220 grader i 25 minutt.
Eg tok bilda før det var blitt kaldt. Då eg kom att frå ein tur bortom skulen for å rigge meg klar til i morgon (så fekk eg sagt det også), klaga dei andre på at ein av karane hadde ete halve brødet. Kunne eg bake meir? Sjølv smakte eg den siste skalken. Dette var eit brød etter min smak, med ei fantastisk skorpe!
Dette brødet er utan feitt. Om det hadde gjort seg med litt olje i , må eg ev prøve ut.
5 dl kaldt vatn
1 ts salt
1/4 pakke fersk gjær
5 dl sikta rugmjøl
6-7 dl sikta kveitemjøl

2 kommentarer:

Besta sa...

Brødet såg lekkert ut! Og nysteikt brød er berre nyyydelig. Men eg gomlar framleis på Ingers.Akk ja!

arieldog sa...

Kva olje er sunnast og best til brødbakst, lurte eg på i dag. Olivenolje passa i pizzadeig, men kva med det vanlege, daglege brødet?