tysdag 3. mars 2009

God sørvis

Vi har funne ut at den lettvintaste måten å skaffe seg mammutbøker på, er å bestille dei frå Volda. På nettbutikken finn ein titlane, og ein får vite om dei ligg på lager. Etter eit par dagar fekk vi brev i posten om at bøkene er pakka og vil bli sendt ut 2. mars. Ein betaler ikkje porto.

Det kan hende eg skriv meir om dei ulike bøkene seinare. Eg har t.d. sett meg ut ei oppskrift på jordbærmousse.
I dag samanlikna eg rømmegrauttradisjonane i dei to tradisjonskostbøkene. Felles er at dei kokar grauten av fløyte. I telemark (Bamle) serverer ein rømmegraut med sukker, kanel, smørauge og raud saft. "Somme vil ha "grautpinne" etterpå. Det er nokre skiver spekemat med heimebaka braud (flatbrød reknar eg med)til". I Røros et ein graut med kanel og sukker på same tallerk som fisk, då med flatbrød attåt.

2 kommentarer:

Besta sa...

Ei av dei gamle veninnene mine likar ikkje så godt "sur" rømmegraut, så ho kokar av 50-50 rømme og søt fløyte. Eg vil ha grauten så sur som mulig, så eg let gjerne rømmen stå i romtemperatur ein dag eller to før kokinga.
Veit ikkje om Haugen bok driv vanleg butikk lenger, eller om det berre er nettbutikk? Før kunne ein gå inn på butikken, kjøpe ei bok til presang, legge inni eit kort etc. og så sende dei den til mottakaren fraktfritt.DEt samme kan ein sikkert gjere via nettet-men då blir det utan kort.

solveig sa...

Rømmegraut skal vere sur, ikkje fløytegraut.....
Eg meiner Haugen skulle gå over til å berre selje på nett.
Det med frakta gjer det svært freistande å handle der. Her må ein ofte bestille likevel.