måndag 23. mars 2009

Bok 16: Høyr på Hoem!

Før eg begynte å blogge om bøker las eg Hoem si bok "Mors og fars historie". Den boka anbefaler eg alle å lese. Det er ei sterk historie tatt frå verkelegheita.

Heimlandet, Barndom er om oppveksten til Hoem. Vi kjenner sjølvsagt att personane. Romanen skildrar overgangen frå naturalhushald til pengehushald. Då straumen kom, måtte dei ha pengar til å betale han med. Her er mange artige småhistorier og episodar. I eit kapittel tek han opp kor tid det var lov å le.

Faren hans var omreisane predikant. Det var strengt heime hos dei, kanskje spesielt fordi dei var redde for kva folk ville seie om dei. Det var ikkje nødvendigvis fordi dei meinte at verken det eine eller andre var synd. Dei snakka aldri om Helvete heime, som han seier.

Faren hadde ikkje talent som bonde, og det viste seg at odelsguten, altså Hoem sjølv, likna mykje på faren. Han var skuleflink og fekk lov til å sitte med nasen i ei bok sjølv om der var mykje arbeid som skulle gjerast. Mor hans sleit tungt på garden.

Dette er ei bok som høver for alle. Eg anbefaler den på det sterkaste. Kanskje den er best på lydbok? Hoem har ei fantastisk stemme og les boka slik ho skal lesast.

5 kommentarer:

Besta sa...

Eg har sjølvsagt lese MORS OG FARS HISTORIE på lydbok.Den er fin!
No har eg fått repetert mykje av boka. Fekk fire CD plater til jul, som du veit, med tekster av EH og musikk av Henning Sommerro.
Der er det songar, dikt og utdrag frå bøker. Grunnen til at eg ikkje har lese alle platene før, er at eg må høyre dei på datamaskina, det blir litt for voldsomt med trekkspelmusikk rett inn i øyret!

Besta sa...

PS:Det ser ut som om det er papirutgåva du har lese av Heimlandet...., men den finst vel på plater også.

arieldog sa...

Heimlandet hørte eg på lydbok for mange år sidan - då eg gjekk høggravid med nummer 3 hadde eg ein periode med soling og lydbok.

solveig sa...

Eg har lese den som lydbok, men fann ikkje bilde i farta.

Hildegard sa...

Eg har lese boka og var like betatt som du Solveig.
Eidabesta