Viser innlegg med etiketten kaffimat. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kaffimat. Vis alle innlegg

laurdag 18. september 2010

Utstyr må prøvast!

Når ein har kjøpt seg noko nytt, er det alltid lurt å teste ut alle funksjonar.  Det var ikkje lite ekstrautstyr som følgde med! Eg investerte i ei hendig handlekorg på Nille i dag.  Ein ting hadde eg på den gamle maskina, men ikkje denne, nemleg eltekrok.  Til baking skal ein bruke kniven.  Det måtte sjølvsagt prøvast.
I går laga eg ein vanleg fin grunndeig som eg trilla ut til rundstykke.  Dei forsvann fort!  Kniven knar deigen så godt at dei hevar og vert svært lette og fine.
I fredagsbilaget til VG i går fann eg denne oppskrifta til Schakenda. 
Eg trur ikkje han følgde si eiga oppskrift.  Eg og var raus med fyllet, for å seie det sånn.  Ein får ha i det ein liker og så mykje ein liker.  Eg brukte mi eiga oppskrift på bollar der eg erstattar noko av smøret med eit egg.
Viss ein ikkje vil at dei skal heve inn i kvarandre, må ein steike på to plater.

fredag 14. mars 2008

Munkar



I dag steikte vi munkar etter oppskrift frå kona til Jagland i kjendisboka. Dei var gode, men for søte, sjølv om eg reduserte sukkermengda. I staden for vaffeljernet, kan ein no ta med munkejernet på altanen utover våren.

måndag 18. februar 2008

MRF-sveler 2

Oppskrifta datt ut av det forrige innlegget. Dette er den same oppskrifta som eg fekk tak i for ca 20 år sidan. For ca 10 år sidan kjøpte eg meg ei stor takke der eg kan steike 7 sveler om gongen.
Då steiker eg dobbel røre på under ein halv time. Oppskrifta mi har eg i hovudet. Den har forandra seg litt etter kvart som eg har fått meir erfaring.

Sveler
6 egg
1 1/2 dl sukker

1 l kulturmjølk (mørk blå, kefir vert for tamt)
1 l kveitemjøl
1 1/2 ts natron
1/2 ts hornsalt

75 g (meieri!) smør


Kommentar:
Røra bør svelle ca 1/2 time. Skal ho stå lenger bør du vente med hevemiddel og litt surmjølk.
Eg har erstatta litt av hornsaltet med natron for å ikkje risikere hornsaltsmak.
Steik sveler så store som asjettar!

Nokre rører smør og sukker før dei smør svelene.
Eg er ikkje glad i sukker som knasar, men her meiner eg det høyrer til.

Utan å fornærme nordfjordingane som les bloggen: Sunnmøringane kan dette med sveler!
Vel bekomme!

p.s
Ei anna mulegheit er å ta turen under fjorden og få smake mine sveler!

MRF-sveler

Eg sikra meg Trude Teige si kokebok på Mammutsal for eit par år sidan. Boka fekk heller dårlege kritikkar då ho kom ut. Kanskje fordi Trude Teige hadde hatt suksess med romanane sine og no skulle takast? I tillegg til oppskrifter og mimring inneheld boka ein del stykke som sunnmørskjendisar har skrive. Min favoritt er Are Kalvø når han smakar pizza for første gong: "Eg tok to bitar og svor på at eg aldri skulle ete slikt igjen".
SVELE- Sunnmørs tradisjon på sitt beste.
I 1971 begynte Steinar Slettestøl å steike sveler på ferja "Hjørungavåg" som gjekk mellom Hareid og Sulesund. - Det vart visst ganske populært, seier han sjølv.
De hugsar kanskje "Juleferjå" der Wenche steikte sveler?
(Oppskrift i dette innlegget.)

1. mai 1991. Gro Harlem Brundtland et svele med kniv og gaffel. Det vekte oppsikt.

søndag 25. november 2007

fredag 16. november 2007

Lefser

5 1/2 dl mjølk

700 g kveitemjøl
50 g mjuk margarin
2 ms sukker

1/2 pk gjær
2 ms vatn
1 ts bakepulver

1. Kok opp mjølka.
2. Smuldre margarinen i mjøl blanda med sukker.
3. Hell kokande mjølk over mjølblandinga.
Stamp mjølka inn i mjølet med ei tresleiv.
Rør så lite som muleg så deigen ikkje vert seig.
Lat deigen kjøle seg litt ned.
4. Rør ut gjæren i i vatnet og ha han i deigen saman med bakepulveret.
5. Arbeid deigen saman med hendene.
Form deigen som ein rull og del i 12 emne.
6. Kjevle ut lefsene på eit godt underlag t.d. seglduk.
7. Steik lefsene på ei takke.
Den sist steikte sida er pensida og skal vere ut når vi smør.
8. Legg lefsene i ein stabel med fuktige handdukar imellom.
(Vri opp eller sentrifuger dei på 600)
9. Snu bunken. Smør og brett lefsene.

Smøring/klining til 36 lefser
1 kg smør/margarin
4 1/2 dl sukker
Rør til sukkeret løyser seg.
No er lefsene klare til servering eller frysing.

fredag 21. september 2007

Vaflar


For nokre år sidan laga vi vaflar kvar fredag. Det var nok Asgeir som inspirerte oss.
Så oppdaga vi at vaflar er reinsleg samanlikna med brødskiver når ein har reine golv.
I år er eg så heldig å ha undervisningsfri fredagane. Barneskulen låner kjøkenet i utbyggingsperioden på Hareid Skule. Så no får eg vaske fredag føremiddag.
Olaug kjem heim klokka elleve. I dag kosa vi oss med "Brustadvaflar".


Vaflar med havregryn

1 1/2 dl havregryn
1 dl kveitemjøl
2 ms sukker
1 ts bakepulver
1 krm salt
1 ts kardemomme/vaniljesukker
3 dl mjølk søt/syrna
2 egg
2 ms flytande margarin