fredag 16. november 2007

Lefser

5 1/2 dl mjølk

700 g kveitemjøl
50 g mjuk margarin
2 ms sukker

1/2 pk gjær
2 ms vatn
1 ts bakepulver

1. Kok opp mjølka.
2. Smuldre margarinen i mjøl blanda med sukker.
3. Hell kokande mjølk over mjølblandinga.
Stamp mjølka inn i mjølet med ei tresleiv.
Rør så lite som muleg så deigen ikkje vert seig.
Lat deigen kjøle seg litt ned.
4. Rør ut gjæren i i vatnet og ha han i deigen saman med bakepulveret.
5. Arbeid deigen saman med hendene.
Form deigen som ein rull og del i 12 emne.
6. Kjevle ut lefsene på eit godt underlag t.d. seglduk.
7. Steik lefsene på ei takke.
Den sist steikte sida er pensida og skal vere ut når vi smør.
8. Legg lefsene i ein stabel med fuktige handdukar imellom.
(Vri opp eller sentrifuger dei på 600)
9. Snu bunken. Smør og brett lefsene.

Smøring/klining til 36 lefser
1 kg smør/margarin
4 1/2 dl sukker
Rør til sukkeret løyser seg.
No er lefsene klare til servering eller frysing.

5 kommentarer:

Elin sa...

Så flott med lefsebaking! Du, eg trur du kan slette sjølv, eg ser ikkje korleis eg kan gjere det. Men viss du får fram ei "søppelbøtte" når du er inne på kommentarfeltet, kan du klikke på det. Elles så er det no berre hyggeleg...Kanskje du rett og slett vil PIF?
Hadde vore greitt å ha eposten din.

Milena sa...

Takk for oppskrifta.Skal prøve meg i morgå etter jobben,men eg tror eg skal berre lage halve porsjon.Få sjå kor det skal gå..:-)

solveig sa...

Elin
Trudde ein berre fekk søppelbøtte på sin eigen blogg. Eg har sletta når ting kjem dobbelt t.d.

teta pehta
Du får berre slå på tråden om du lurer på noko!

Besta sa...

No har eg levd i nærmare 70 år utan å kunne bake lefser, så eg trur neppe det blir............
Freister meg ikkje å lage dei!!!Derimot..........................

solveig sa...

Det vert ikkje lefsebaking med meg komande veke. Håper at det melder seg ein kjevlar i familien. Ein av karane burde greie det, så kan eg gjere alt det andre. Elles er det som med høna...