tysdag 31. mars 2009

Gratulerer "LilleMø"!

I dag fyller eldste søskenbarnet mitt på Eid 44 år. I det høvet har eg funne fram eit bilde frå 14. juli 1977 der alle seks søskenbarna er samla. Det var ikkje noko lett sak å samle alle. Det var alltid ein eller fleire det ikkje passa for å stille til fotografering. Eg synest å hugse nokre runder før alle sat i sofaen.

Under bildet i albumet står det at dette var før "Huset på prærien", vekas høgdepunkt på den tida. Kusinene mine brukte å sitte med kvar si pute klar. Eg var 2-3 år eldre og for stor til det. Eg ønskjer deg ein fin fødselsdag!

søndag 29. mars 2009

Vel blåst!

Det er første gong vi har vore på den årlege vårkonserten med alle korpsa i kommunen. Det er tre skulekorps og to vaksenkorps. I går øvde skulekorpsa med ein innleigd inspirator der temaet var å spele utan notar. Dei avslutta med desse fellesnummera. Notane var framme tidlegare i programmet.

Programmet var variert. Melshorn hadde allereie øvd inn "Fairytale" med Nydal innhyrt som felespelar. For meg er det heilt umuleg å vurdere kvalitet. Men så er det heller ikkje noko poeng å dele ut karakterar til dei ulike. Vi kosa oss gjennom programmet.

Hareid skulekorps var vertskap. I går kom Olaug og sa at mor til I har baka fire kaker. I dag fekk eg vite at nokre hadde gitt beskjed lovleg seint om at dei ikkje kom. Hadde eg visst det eg veit, skulle eg like godt ha laga dobbel Kvæfjordkake. Det å røre smør og sukker i små mengder, er berre ei plage på Kenwooden. men kaker vart det nok av. Eg fekk med meg brorparten av blautkaka heim att. Olaug hadde forklaringa:"Det var fordi at du og Anlen laga sameleis." Kanskje vi skal skulde på blogginga?

Kor gammal er tannkosten?


I serien "Kor gammal er..." har eg kome til tannkost og tannkrem.
---
Spørsmålet kom opp medan vi diskuterte Nora si makroneting i "Et dukkehjem". Ektemannen hadde lagt ned forbod mot søtsakeeting. Han ville at ho skulle vere representativ med pene tenner. "I 1879 var fanst det nok ikkje tannkost og tannkrem, og det var nok eit vanleg problem å ha stygge tenner," hevdar eg. Elevane grøssar. Eg har lova å finne fakta.
---
Det einaste eg har funne ut, er at det vart produsert tannkrem frå andre halvdel av 1930-talet. Øystein meiner det kan stemme. Far hans var tidleg ute med å skaffe seg tannkost, og det var i vaksen alder. Han var fødd i 1915.
---
Viss andre har peiling på dette, så skriv gjerne ein kommentar!

laurdag 28. mars 2009

28. mars

I dag har vi feira mamma. Keeperen fekk seg ny mobil i veka som var, og betalaren innkasserte ein helgavask. Øystein og eg gjorde litt anna praktisk arbeid i og rundt heimen før vi reiste inn i Ørsta. Der var det fleire venta og uventa gjester. Tida flaug med mykje god mat og god prat. Då eg skulle ta bilde av alle bloggarane, streika fotoapparatet "Low battery". Eg har nettopp lada det, men det hadde nok stått i datamaskina i natt. No håper eg at andre sender bilde direkte til meg eller om mamma. Nei, eg hadde ikkje med meg kake til mamma. Dette er slik korpskakene ser ut no, tatt med Håkon sitt gamle apparat. Som rundekake/ostekake valde eg å satse på ein klassikar. No har eg fylt kaka med vaniljekrem kokt av 2 posar vaniljesauspulver blanda med ein pakke fløyte. Sist eg laga denne kaka var til ein konfirmasjon for fem (!) år sidan. Så her tek eg i mot tips om oppdatering. Eg fylte den no, for at den skal sette seg til i morgon, etter tips frå ein kollega.
Noko anna som er så merkeleg er at eg vert så usikker når eg skal gje vekk kaker. Kva skal eg fylle blautkaka med? Kva likar folk best? Mamma hadde frose ned fylt blautkake etter tips frå Anlen. Det er ikkje dumt! Og veldig lurt viss ein veit at ho vert ståande framme ein time eller to før matpausen. Eg har kjøpt inn både aprikoskompott og aprikossylte slik at eg har noko å velje i.

Gratulerer mamma!

Vi vil gratulere Olaug med dagen i dag! Bildet kom eg over då eg leitte etter bilde frå 1979. Her er mamma 39 år, altså yngre enn det både eg og sysrta mi er i dag.

p.s.
Legg merke til putene bak. Eg likte å brodere i min barndom. Heitte det diamantsaum?

fredag 27. mars 2009

Ut av skuffa

Eg har fått spørsmål om eg kan vise fleire Ekelund-tekstilar på bloggen, og det gjer eg gjerne. Dette er gode produkt som eg gjerne reklamerer for.

Handduken over treng eg ikkje å gå i skuffa etter, for den er i bruk kvar dag til å legge over nybakte brød.
Handduken med fyrlyktene har eg fått av mamma. Motivet er maritimt, og han er mest framme om sommaren.

I Sverige overgår midtsommarfeiringa sjølve nasjonaldagen. Mamma har kjøpt denne i Sverige, så tid og stad hugsar nok ho betre.

Dette er ein souvenir eg kjøpte i Stockholm.

Denne har Margrete kjøpt i Volda. Det ser ut til at ein kan få laga på bestilling. Det finst mange vakre motiv.
---
Til slutt må eg berre innrømme at eg har fleire handdukar enn dette, men påskehanddukane er t.d på loftet i påskekassa. Men den skal no snart ned.




torsdag 26. mars 2009

Vår og snart påske

I dag fall eg for freistinga og kjøpte meg to gule storblomstra begoniar. Då eg begynte å rydde litt i vinduskarmane venta det meg fleire overraskingar. Ei av dei var denne orkidéen. Det er tredje gongen han blomstrar. Eg har forhøyrt meg med andre orkidéeigarar om ein bør klippe dei ned og støtte dei opp. Denne har fått utvikla seg sjølv. I dag tok eg han inn i varmen og oppdaga tre greiner, litt daudt klipte eg vekk. Noko støtte ser det ikkje ut til at han treng, men eg har tatt vare på pinnane og klemmene om eg skulle skifte meining.


Frå fem til tre?

Viss eg tel rett, så er det talet på glassmagasinliknande butikkar i Ulsteinvik. Der er no kanskje tre interiørbutikkar i tillegg. Fryd er konkurs, og Christiania Glassmagasin legg ned avdelinga si i Vik. Sistnemnde kjem eg til å sakne.

Det er trist at butikkar forsvinn, og at folk mistar jobbane sine, men samtidig må det ringe ei bjelle når dei bygger to nye kjøpesenter og fyller dei med nye butikkar. Viss dei hadde stoppa i tide, så kunne kanskje nokre ha gått bra.

I går var det -50 og 70% på dei to butikkane som skal vekk. Eg fall for freistinga og kjøpte meg nye kakeformer. Dei gamle grå leiar varme mykje dårlegare enn desse. Kanskje eg skulle ta meg på tak og fylle dei gamle med iskaker?

Dette kjøpet, ikkje på tilbod rett nok, møtte stor skepsis i heimen. Det er ei fillerye som kan vaskast i vaskemaskin, hadde eg tenkt. Ja, ja om dei får rett i at det er svært upraktisk, så skal eg legge det på vaskerommet.

onsdag 25. mars 2009

Solveig seksten

Då eg såg bildet av Ingeborg på 16-årsdagen hennar, kom eg på at eit av dei få fødselsdagsbilda eg har av meg sjølv, er frå 3.juli-79. Eg la vel inn ein kommentar på at eg kanskje skulle legge det ut, eller late det vere. No har båda mamma og systra lagt ut bilde av seg sjølve då dei var 16. Så eg kan ikkje vere verre.

Kanskje det kan glede 10-ande klassejentene "mine"?

måndag 23. mars 2009

Litt svolten?

Forrige veke hadde vi det vi kallar "Vegetarval" på skulen. Då får elevane velge vegetarrett sjølve. Eg bestilte brosjyren "litt sulten" her. Det vart mykje pizza og pizzasnurrar, men nokre valde å lage tomatsuppe frå grunnen av.
Inspirert av elevane mine laga eg tomatsuppe til kveldsmat i dag. Eg starta med å surre løk til han vert blank.
Det tek ikkje stort lengre tid å lage ei slik suppe enn det gjer å lage frå pose, så det er berre å sette på egg til hardkoking. Eg kjøper egg rett frå gard. Dei er gode heile året, men eg gler meg til hønene begynner å vere ute og ete gras.

Med stavmiksaren vert løk og hakka tomatar frå boks til puré. "E de heimelaga tomatsuppe?" kjem det frå gourmetguten i familien. "Ja, likte du ne?" No kjem vel den knusande dommen, tenkjer kokken. "De e i alle fall bedre enn sånn anna."
---
Eg følgjer alltid oppskrifta første gongen. I dag laga eg den litt meir etter eigen smak. Eg likar den litt skarp med kun litt mjølk. Borna kan ha litt kald mjølk i for å kjøle ned suppa viss dei vil. I morgon skal eg gå rundt og puste på folk, så eg kutta ut kvitløken. Det forringar litt, men ein kan ha i ei klype sukker for å få litt av søtsmaken.


Vel bekomme!
P.s.
Laurdag serverte vi karbonadesmørbrød til blomkålsuppa. I dag vart det "berre" vanleg brød.



Bok 16: Høyr på Hoem!

Før eg begynte å blogge om bøker las eg Hoem si bok "Mors og fars historie". Den boka anbefaler eg alle å lese. Det er ei sterk historie tatt frå verkelegheita.

Heimlandet, Barndom er om oppveksten til Hoem. Vi kjenner sjølvsagt att personane. Romanen skildrar overgangen frå naturalhushald til pengehushald. Då straumen kom, måtte dei ha pengar til å betale han med. Her er mange artige småhistorier og episodar. I eit kapittel tek han opp kor tid det var lov å le.

Faren hans var omreisane predikant. Det var strengt heime hos dei, kanskje spesielt fordi dei var redde for kva folk ville seie om dei. Det var ikkje nødvendigvis fordi dei meinte at verken det eine eller andre var synd. Dei snakka aldri om Helvete heime, som han seier.

Faren hadde ikkje talent som bonde, og det viste seg at odelsguten, altså Hoem sjølv, likna mykje på faren. Han var skuleflink og fekk lov til å sitte med nasen i ei bok sjølv om der var mykje arbeid som skulle gjerast. Mor hans sleit tungt på garden.

Dette er ei bok som høver for alle. Eg anbefaler den på det sterkaste. Kanskje den er best på lydbok? Hoem har ei fantastisk stemme og les boka slik ho skal lesast.

Bursdagssang



Eg synest temaet i denne songen passar godt til dagens geburtsdagsbarn. Eg fann den kun med heimelaga video. Men så tenkte eg at ein sånn kunne Ingeborg godt ha funne på å laga!

Gratulerer Ingeborg!

Ingeborg fyller 16 år i dag! Alle på Hareid gratulerer!

Når du vert 16 år, begynner du sjølv å gjere viktige val for livet ditt. Desse vala vil få konsekvensar. Bildet over skal symbolisere val av utdanning og yrke. Frisering vert nok kun ein hobby for Ingeborg. Men det skal bli intressant å sjå kva ho slår inn på.

søndag 22. mars 2009

Gunda

Gunda er tilbake i Sunnmørsposten! I del 3 er ho på plass med matspalta si. Nivået hennar høver akkurat for meg. Ho ligg hakket over. Mykje er kjent stoff, men så fortel ho litt om korleis ho eksperimenterer. Spalta er rik på detaljar, og høver godt for oss som liker å få ting inn med teskei.

Kaka ho presenterte for ei veke sidan, kjende eg godt att. Ho hadde tatt "Den raskaste sjokoladekaka" og gonga oppskrifta med tre, slik at ho høver i ei langpanne. Elles har ho bytt ut vaniljesukker med "ekte vaniljesukker". Det er akkurat dei endringane eg har kome på sjølv. Vi er med andre ord på bølgelengde. (Oppskrifta finn de under etiketten kaker)

Denne veka har ho laga pikekyss. Så langt har eg aldri kome, men no veit eg i alle fall korleis det skal gjerast. Legg merke til tipset nede til høgre. Der forklarer ho korleis ein kan fylle i ein kakesprut med minst muleg søl.

Gunda, eg er glad du er tilbake. Skulle ønske du hadde blogg.....

laurdag 21. mars 2009

Blomkålsuppe

Det er ei blomkålsuppe eg hugsar betre enn noko anna suppe eg har ete i heile mitt liv, nemleg den vi fekk servert i mormor sin 70-årsdag. Suppa var nok heilt vanleg, men det var omstendigheitene rundt den som gjorde inntrykk.. Det var fantastiske omgjevnader, og det å få kome ein slik stad hadde vi ikkje opplevd før.

På førehand hadde vi fått ein del formaningar. Det var verst for ho som ikkje likte blomkålsuppe. Ja, ja suppa kom i magen på faren, utan at det vart gjort noko nummer av det. Noko anna som var strengt forbode, var å spørje etter brus. Sjefen der var sterk motstandar av drikken, hadde vi fått høyre. Men brus kom på bordet, eg trur ho vart sjarmert av nokre brune auge.

Etter kvart vart det omvising i husa rundt. Himmelsengane var imponerande.

Så spørs det om andre har andre eller annleis minne!
Denne veka har eg vore lite heime, og det hadde hopa seg opp med grønsaker. Eg fann ut at eg ville lage ei suppe sidan vi skal i 50-årsdag seinare i kveld. Eg startar med å koke mesteparten av blomkålen og brokkolien i ei panne med vatn og litt salt. I den andre panna laga eg jamning og sper med vatn. I dag hadde eg ikkje kraft, så det vart buljong
Når grønsakene har kokt "ihel", mosar eg dei til ein puré med stavmiksaren. Puréen får koke i suppa. Den er då med å jamne suppa. I dag hadde eg fløyte i suppa. Med smør og mjøl i jamninga, er det ikkje ein mager variant. Men det er sjølvsagt ikkje noko i vegen for å bruke ristejamning og mjølk. Salt og pepar må til.

Eg sparer nokre små bukettar (det fremste) og koker dei i 3 minutt før eg har dei i suppa.


Vel bekomme!



fredag 20. mars 2009

Evig aktuell?

Måndag starta vi med Ibsen. Eg fortalde om livet og diktinga hans. Vidare gjekk vi inn på "Et dukkehjem" og las så langt vi kom i 1. akt. Elevane skal kunne å skrive sjangeren drama med scenetilvisingar og det heile. Eg valde å gå gjennom personane og hovudkonflikten på førehand.

I dag var tida inne for å sjå teaterstykket, d.v.s fjernsynsteater med Lise Fjelstad som Nora.

Eg hugsar godt då vi såg stykket i Starevegen. Eg hugsar og mamma si meining om stykket. Det må ha vore i svart/kvitt TV-en si tid, og eg må ha forstått stykket sånn omtrent.

Som lærar er ein alltid spent på kva som fenger. På spørsmålet: "Skal vi sjå film?", har eg svart: "Nei, vi skal sjå filma teater." Eg har ikkje akkurat skrudd opp forventningane til at dette skulle bli gøy. Men stykket fenger faktisk! Det same skjedde i den andre klassa som såg det tidlegare på dag. Dei tek Nora på kornet for å seie det sånn.

Sjølv har eg lese eller sett alle Ibsen sine borgarlege samtidsdrama. "Fruen fra havet" er kanskje favoritten.

Etikettar II

Eit anna spørsmål eg har fått, er korleis eg får etikettar.

Gamle innlegg kan ein krysse ut mange om gongen på denne sida.

Anten legg ein inn på ein gammal etikett, eller så legg ein til ein ny.

Når ein skriv nye innlegg, er det berre å trykke på vis etiketter, og så velje ein eller fleire av dei som kjem opp.


Lever engletrompeten?


Det er alltid hyggeleg med spørsmål frå blogglesarane!
---
Svaret er ja. Akkurat no blomstrar han ikkje, men det har han gjort tidlegare i vinter. Pasjonsblomsten klatrar framleis oppetter engletrompeten. Draumen er at dei skal blomstre saman. Begge plantane vert 2 år i mai.
---
Stiklingane fekk nok for mykje vatn i vinter, så dei er avlidne. Men det kan nok bli fleire forsøk.

onsdag 18. mars 2009

Bok 15: Fransk feminist


Eg hadde store forventningar til denne boka som er både bestseljar og "Årets bok i 2006.
---
Hovudpersonen, ei dame på 90, ser med skrått blikk på livet. Det er ein del artige scener når ho t.d. kjøper seg data eller ufrivilleg kjøper seg komfyr med induksjon. Dei yngre medlemmane i slekta, eller generasjonane generelt, får passa sine påskrivne.
---
Men eg veit ikkje kva det er med meg og franske bøker. Etter mi meining tok ikkje boka heilt av. Innimellom vert det litt mykje "gretten gammal dame". Tema som fri abort og dødshjelp vert sett berre frå den eine sida og ikkje problematisert. Eg er usikker på om eg skal tilrå boka for "eldre" lesarar. Eg trur dette er ei anten/eller bok. Anten vil du finne den genial, eller så vil den ikkje fenge.
---
Les gjerne meir her eller her.

tysdag 17. mars 2009

Grunn til å feire?







Eg ser på bloggane at er folk som feirar St.Patricks day i dag.
denne sida finn de tips og idéar til alle høve, også for 17. mars.

søndag 15. mars 2009

Sesongstart

Ja, no trur de at eg har tenkt å skrive om fotball. For det er i dag fotballsesongen startar. Men det er ikkje berre fotballen som tek laus no!

I ettermiddag sette Øystein seg ned og førte alle aktivitetar inn på aktivitetskalenderen vi kjøpte i Roma. Det er konfirmant og minikonfimant. Det er korpskonserthelg og natteravn. I tillegg finn folk på å feire både 50-årsdagar og andre dagar. Kaker skal bakast og leverast. Kva er ei rundekake forresten? Eg skal levere ostekake/rundekake og blautkake til korpskonserten.

Ostekake har eg aldri laga. Men det bør eg vel ikkje seie høgt? Grunnen til det er at eg har vore bortskjemt med at systra mi/svogeren min lagar verdas beste ostekake.

No lurer eg på om ei kvæfjordkake kan passere som rundekake, sjølv om ho ikkje er rund? Anlen veit det sikkert!
No er altså kalenderen omtrent full, og det før vi har ført på fotballkampar.

Eit anna triks i ein organisert kvardag, er å ha ein sekk/eit nett til kvar aktivitet og ei knaggrekke til å henge dei på. I korpssekken ligg notar. I jazzballettsekken ligg jazzbukse og jazzsko. Så er det berre å trive fotballsekken når ein skal på fotballtrening. Ein slepp den evinnelege: Kvar er fotballskorne, leggskinna og fotballstrømpene? Betre kjendt som: Hvor er buksa mi?

Moderne vedkomfyr

At det framleis vert produsert vedomnar, og det i moderne design, hadde ikkje eg tenkt over. Men det kan no høve på hytter utan straum t.d. Ein får kjøpt dei på Felleskjøpet. Les meir her.

laurdag 14. mars 2009

Vedkomfyr

Dei som har følgd bloggen min, veit at eg har hatt ei interesse for vedkomfyrar. Interessa er heilt historisk. Eg har ingen planar om å skaffe meg ein. Det starta med at eg las i Vossamat at folk fekk seg vedkomfyr etter 1900. Det synest eg var seint. Men den vart nok populær frå 1870 og utover. Før det hadde dei berre kokeplater og kanskje steinomnar på større gardar og i bakeri?

No kom eg over ei side på internett der dei driv med restaurering av slike omnar. Ein finn t.d onmar med ein tank for varmt vatn. Det var vel dei første varmtvasstankane.
p.s
No prøver eg å samle alle komfyrane eg har skrive om under etiketten komfyrar.

Kaffi



På Mammutsal i byen kom eg over denne kokeboka. Eg kjøpte den m.a. p.g.a alt kulturstoffet. Det kan hende det kjem til å drype litt på blogglesarane framover. I dag vert det litt om kaffi:

På slutten av 1700-talet gjorde kaffiimporten sitt inntog. Kaffien kom frå Tyrkia til Frankrike, og bruken spreidde seg nordover i Europa. I somme krinsar tok dei imot han med glede og såg han som ei motvekt til alkoholhaldige drikker, men i område der dei produserte vin, vart det stor motstand mot denne nye drikken. I Tyskland førte det til forbod mot å bruke kaffi. At styresmaktene oppmoda folk om å melde i frå om det lukta kaffi hos grannen, syner alvoret. I Norden var det lite produksjon av alkoholhaldige drikker. Kyrkja tok ikkje avstand frå kaffien, men det dansk-norske bondelaget sende ut eit protestskriv som skildra alt det uheldige som kunne hende den som drakk kaffi.

Bok 14: Forfattar frå heimbygda


Denne boka har fått gode kritikkar, og det fortener ho. Den er sett saman av fleire historier fletta inn i kvarandre. Vi får vite kva dei ulike personane tenkjer i dei same situasjonane. Skifta av synsvinkel gjer boka interessant. Ho skriv og artig med tilvisingar til filmar og forfattarar.
---
Men, og no står eg i fare for å fornærme nokon, eg likte ikkje opplesinga. Ho som les boka gjer det på vossadialekt med skarre-r. Det vert heilt feil! Når bøker vert opplesne på bokmål, vert dei lesne som dei står med ei nøytral østlandsdialekt, ikkje mykje skarre-r der. Kvifor er det ikkje same krav til nynorskopplesing?
---
Dialekt kan fungere i bøker der forfattaren og opplesaren er samstemte. Staalesenen sine bøker er eit godt døme. Så eg vil ikkje avvise det totalt. Dama er flink å lese. Det er ikkje det som er poenget. Eg klarte heldigvis å legge irritasjonen til side og høyre på det ho las.
---
Eg anbefaler boka - papirutgåve!
Les meir her.

fredag 13. mars 2009

Etikettar

Eg har lenge hatt lyst til å sortere innlegga mine med etikettar, slik som mange har på bloggane sine. Men det har skorta litt på datakunnskapane, for å seie det som det er.

Når no systra mi har fått det til, så vart det akkurat det sparket bak eg trong. Når ho i tillegg kom med eit tips om korleis eg kunne gjere det enkelt, så var nysgjerrigheita vekt.

Som de ser til høgre, så er eg i gang! Eg var litt snar med å skrive bøker, og det greidde eg ikkje å slette. Eg vil nemleg skilje mellom romanar og t.d kokebøker.

Alle innlegga får nok ikkje etikettar. Nokre saker har interesse berre ei kort tid.

Når eg gjev romanane mine nummer, så er det ikkje for å lese om kapp med slekta. Det kan kanskje sjå sånn ut for andre. Eg gjer det for å sjekke om eg les omtrent så mykje som eg trur, nemleg ei bok i veka.

Til slutt vil eg ønskje alle blogglesarane ei god helg!

torsdag 12. mars 2009

Rettferd

Denne veka har "rettferdig handel" vore tema på skulekjøkenet. Her er utstillinga mi av nokre fair trade produkt. Dei fire varene til venstre er eit nytt merke som eg fann på Meny. Eg likar designet. Alle har ein jordklode på pakken med ein raud prikk og namnet på landet vara er produsert i.

Eg har stor sans for at bønder i U-landa skal få betre betalt for produkta sine. Borna skal få gå på skule. Det skulle berre mangle!

p.s.
No ser eg at fleire har fått etikettar på innlegga sine. Det skal eg satse på å få til i helga. Denne må bli "Løp og kjøp".

onsdag 11. mars 2009

Lettvinte løysingar

Med mykje undervisning, førebuing og møte på kveldstid, er det freistande å ty til lettvinte løysingar. I dag var gjengen godt nøgde med å få lapskaus til middag. Han var laga av brun saus(heimelaga i dag, men pose er greitt), lapskausblanding og pølser.

Brødbakinga vert og enkel med slike posar og brødbakemaskin. Coopkjeden sel dei for ca 10 kr posen til medlemmer.

Det einaste eg har å utsette på desse posane, er grovprosenten. Berre den eine posen kan kallast grovbrød, nemleg matpakkebrødet med 53% grovt mjøl. Kornbrødet med 37% grovt mjøl kan samanliknast med kneippbrød med korn. Havrebrødet er 37,3% grovt, og solsikkebrødet 39,5.

Først vil eg prøve posane slik dei er, og så kan det hende eg kjem til å ha litt meir grovt i, t.d Fiberbakst. Eg held på at det daglege brød i ein barnefamilie bør vere 75% grovt. Eg veit at mange av blogglesarane også lever på 100% grove brød!

Inspirator


I kveld skal vi ha besøk av denne mannen på skulensom har denne bodskapen. Han er knytta til skulenn gjennom dette prosjektet.
Eg har høyrt han fleire gongar, og synest alltid det er interessant.

måndag 9. mars 2009

Bok 13: Vakkert om vennskap


Boka handlar om vennskapet mellom ei ung og ei gammal kvinne. Dei begynner å fortelje kvarandre historier om seg sjølve. Begge har opplevingar dei ikkje har snakka om, og begge opplever det frigjerande å sette ord på hendingane. Den unge treng det for å begynne på livet att. Den gamle treng det for å kunne avslutte livet.

Det er to spennande liv vi får høyre om. Les gjerne meir her - og les boka!

P.s.
No gler eg meg til å lese bok 14. Sjå til høgre.

søndag 8. mars 2009

Dagens brød

No har eg bakt etter eige hovud, etter først å ha bakt etter oppskrift. I går let eg brødbakemaskina kna ein kald, laus deig. Den fekk stå i kjøleskåpet til etter fjellturen. Der meiner eg den stod i over to timar. Brødet forma eg med ei deigskrape. Deretter fekk brødet heve lenge igjen, 1 1/2 time, trur eg. Eg steikte det ved 220 grader i 25 minutt.
Eg tok bilda før det var blitt kaldt. Då eg kom att frå ein tur bortom skulen for å rigge meg klar til i morgon (så fekk eg sagt det også), klaga dei andre på at ein av karane hadde ete halve brødet. Kunne eg bake meir? Sjølv smakte eg den siste skalken. Dette var eit brød etter min smak, med ei fantastisk skorpe!
Dette brødet er utan feitt. Om det hadde gjort seg med litt olje i , må eg ev prøve ut.
5 dl kaldt vatn
1 ts salt
1/4 pakke fersk gjær
5 dl sikta rugmjøl
6-7 dl sikta kveitemjøl

Neste år vert det nei

I eit svakt øyeblikk sa eg ja til å ta fylle ut ei meiningsmåling på papir. Dama som ringte lokka med at ein kunnne vinne fjernsyn. I fjor svor eg på at eg skulle seie nei neste år.

Det er ikkje få timar eg har brukt på denne blekka! Eg trur eg kryssa av tre gongar at eg likar å lage mat. Det er vel det som kallast kryssjekking?

I tillegg takka eg ja til eit par tanntrådpakkar. Der skjer heldigvis kryssinga på data, og premien er sikra.

Idyllen som uteblei

Dagen starta med nydeleg sol. Øystein og eg bestemte oss for å gå ein tur mot Fjelle før middag. Planen var å ta bilde av forsøpla natur og idyllisk natur, altså kontrastar. Men kva skjedde. Det bles opp og begynte å snøe. Fotoapparatet vart liggande i lomma.

Og kva skjedde då vi kom heim att? Sola stakk fram att sjølvsagt.