tysdag 7. april 2009

Påskekrim

Vi har alltid gledd oss til påskekrimseiane i påska. Kvifor det? Er det ikkje krimseriar på alle kanalar året rundt?

Vi forventar framleis at dei beste seriane skal sparast til påske. Det skal vere få episodar over nokre dagar.

Vi har ikkje tatt tak i "TV-problemet" vårt. D.v.s vi har sagt opp parabolavtalen til 1.mai. Kvifor betale 400 kroner månaden når ein berre kan sjå ein kanal om gongen, og det vi ser mest er gratiskanalane, d.v.s dei vi allereie har betalt lisens for? Før kunne vi sjå på kanalar vi tok inn på antenna og ta opp på parabolen eller omvent. Einaste løysinga frå Viasat no var at vi kunne betale 50 kr meir og få kanalane på ein TV til.

I dag sat vi nede på keeperen sitt rom og såg NRK-krim medan vi tok opp Frustrerte fruer oppe.

Kva seier de om årets første krim? VG gav han terningkast 2. Det er for dårleg. Den er annleis. Skodespelarane er i toppsjiktet, men....

7 kommentarer:

Besta sa...

Eg går ikkje rundt og gler meg til påskekrimmen slik som før.No les eg to krimbøker på ein gong,og ser minst ein krimserie for dag.Metta? Vi har sett to ep. av Englebarn og sjølv den den er rimelig blodig og pervers, så er den også litt spesiell. Kanskje litt FOR?Dei frustrerte fruene vart kutta ut i dag. Vi har berre eit TV-apparat.Og der går det mest i fotball, trur eg.

arieldog sa...

Vi er vane med gode seriar året rundt, det er så, men årets påskekrim på Nrk må no vere eit lavmål? Eller er det berre eg som synest det er spennande å sjå KVEN mordaren er? Gi oss heller "Arr i sjelen", "Mord og mysterier" o.l.

Besta sa...

Er det ikkje noko som heiter psykologisk thriller? Vi har enno ikkje fått vite kvifor mordaren er akkurat det-mordar.Det får vi vite i kveld. Kanskje er serien betre enn vi trur? Eg har ein tendens til å like alt som er engelsk. Og Inspektør Linley ser eg i reprise om mandagane. Seint. Det er så fine bilde-og altså engelsk.

solveig sa...

VG har sikkert berre sett 1. episode. Serien kjem seg i 2.episode, os så får vi sjå. Set no min lit til TV2!

Besta sa...

Den serien, Englebarn,var berre elendig! Men gode skodespelarar, som før nemnt.Det er somme forklaringar ein ikkje "kjøper". Det er det eg meiner når eg seier at god krim må vere logisk.

solveig sa...

3. episode og løysinga var rett og slett kjedeleg. Terning kast 2 ikkje noko dårleg tips VG!

Besta sa...

Terningkast bryr eg meg lite om. Eg likar det eg likar, så får andre meine det dei vil. Boka eg les no (Havfruen) LIKAR eg, så står det berre att å sjå om løysinga held mål.Det er nokre plater att.