søndag 5. april 2009

Gutta på tur

For spreke karar er ein tur på Holstadhornet ein liten svipptur.


Eitt ærend dei har, er å sjekke uglekassene. Ugler er nokre kresne leigebuarar. Dei ser seg om nokre år før dei vil etablere seg. I år ser det ut til å vere liv i spurveuglekassa.
---
De har vel høyrt om kattugla? Det var den gongen Håkon fekk oppleve aktivt reirforsvar. Han hadde klatra opp for å kike i kassa då ugla oppdaga han og sette klørne i han. Guten kipte seg og datt ned nokre meter. Øystein var redd for dei ureine såra og ringte legen. Sidan det ikkje var lenge sidan skulen hadde sendt Håkon til lege etter ein skogstur, og legen gav han ekstra stivkrampesprøyte då, var det ingen fare. Neste gong dekte han til halsen og stilte med briller.





1 kommentar:

Besta sa...

Ja, når ein berre har gode klede er det ikkje farlig å vere ute om det regnar. Fine bilde av guten og av Hareid.
Trudde kanskje han fekk lyst inn og fiske når han såg bildet av breiflabben?