søndag 19. april 2009

Lat søndag?


Sjølv har eg brukt dagen i dag til å jobbe meg litt frampå. Det gjeld både her heime og på skulen. Det er greit å få ein god start på veka.
---
Korpsjenta kom utrangla attende i femtida og køya tidleg, noko som er heilt uvanleg for henne.
---
Journalisten er på fotballkamp i bya, Ålesund for dei som ikkje er lokalkjende og dialektkunnige, medan resten av karane har vore i byen, Ulsteinvik, og sett kamp.
---
Når Olaug er vekke, prøver vi andre å passe kaninane så godt vi kan. Vi trudde det skulle bli kjekt for dei å sjå kvarandre og plasserte bura som på bildet ovanfor. Men nei, dei vart gåande rundt og hisse seg opp. No står dei på rekke att. Då eg sleppte laus gamlingen i dag, vart ungdomen redd eller sint, eller begge delar. Han trampa og raste rundt. Rett nok var dei borti og snusa på kvarandre også. Eg forstår meg ikkje på dei. Men god mat har dei fått. Og hagen vert fattigare på ugras. Ein skikkeleg vinn-vinn-situasjon.

3 kommentarer:

Besta sa...

De kan no berre flytte rundt på bura, så treng de ikkje å klippe plenen! Vi fann nokre jordskokknollar som var begynt å spire, kan ein plante dei i jorda og få nye?

solveig sa...

Heilt sikkert. Eg grev opp av og til til kaninane. Dei elskar det. Det vert alltid nok att. Elles er det vel knollar som poteter. Dei ein finn med ålar i kjellaren, er det berre å plante att.

solveig sa...

Vi har eit lite flyttbart bur som eine kaninen kan vere ute i kvar som helst i hagen. han er i gang. Å sleppe dei ute i lag, det torer vi ikkje!