tysdag 28. april 2009

Bok 25: Trekantdrama

Den nye lydboksendinga var ikkje komen til biblioteket i går heller. Det er vel femte bomturen. Bøkene skulle kome rett etter påske, så eg har vel hatt lov å håpe.

Dei bøkene dei har fått inn i det siste, er slike som eg har lese i papirutgåve for lengst t.d. Elstad sine bøker om Magret(?).

No spør dei om det er ei bok dei kan skaffe. På jobb er det "Øya" som går på omgang. Den har dei spesialbestilt til meg.

Eg vil ikkje uttale meg over boka, de får lese sjølve her.

3 kommentarer:

Besta sa...

Du får ta deg ein tur inn i Ørsta og sjekke, eg finn noko støtt.Men du har vel ikkje tid til det før konfirmasjonen? Eg likar veldig godt opplesaren som les Edens have. Eg veit ikkje om eg har lese boka...? Typisk.

Besta sa...

PS: Av dei Hemingwaybøkene eg har lese likte eg best Klokkene ringer for deg, som eg las i papirutgåve for mange år sidan. Elstads bøker om Magret las eg om att i lydbokutgåve for eit par år sidan. Det er dei Elstadbøkene eg likar best.

solveig sa...

Vi skal til Molde søndag, elles har vi lagt planar for alle dagar omtrent. Det minkar på dei....
Etter konfirmasjonen får vi vel betre tid.