onsdag 15. april 2009

Bok 21: Nynorsk kvalitetslitteratur



Dette er ei bok i serien "Eg har lese alt på biblioteket". Boka ser eigentleg enkel og ikkje spesielt tiltalande ut. Bibliotekaren lovde ny lydbokpakke rett etter påske, så det var berre å ta den ein ikkje har lese.
---
Det seier sjølvsagt mest om meg når eg veit lite om forfattaren.
---
Utgangspunktet for boka er 1964 og forteljaren som er ein 12 år gamal gut. Vi får sjå verda gjennom augene hans. Gjennom det har ser og opplever, forstår sjølvsagt den vaksne lesaren meir. Tidsskildringa er artig, også skildringar av personar og miljø. Under ligg alvoret.
---
Forfattaren er presteson. I boka er han ein vanleg gut, men eine kameraten er presteson. Ei venninne høyrer til sekta. Kva er synd, og kva er ikkje synd? Dette lurer tolvåringen på. Og vi får svar. Forfattaren les sjølv boka, og det er vellykka. Humoren og ironien kjem godt fram. Utlegningane om dårlege heimar er kostelege.
---
Dette er ei bok eg vil anbefale alle å lese, spesielt dei som har minne frå 60-talet. Og eg vil tru at boka er best som lydbok. Her finn de ei god bokmelding.

5 kommentarer:

Besta sa...

Eg har lese boka. Sjølvsagt. Forfattaren kjenner eg også frå diverse lesebøker som vi brukte på skulen. Boka var god, hugsar eg, men elles hugsar eg lite og ingen ting.Bøker er etter kvart blitt "her og no-opplevingar" for meg.Hukommelsen sviktar.

arieldog sa...

Eg har lese berre eitt kapittel, meier vi brukte det på ein tentamen fordi det var nesten som ei novelle. Det handla om gutar som plutseleg var for store til å leike indianar og cowboy, og det var verkeleg gripande og godt skrive.

Besta sa...

Eg meinte at Margrete hadde lese mykje av denne forfattaren?

arieldog sa...

Ja, men ikkje den boka. Ein kollega av meg skreiv masteroppgåve om Hovland, forresten. Kanskje eg burde lese den først.

solveig sa...

Vi las ei novelle i 10-klasse i dag av same forfattar. "Det er det beste hittil i år." Eg var glad eg hadde budd dei på at det var Jesus og banning i anna kvart avsnitt. Eg tok sjansen på å knapt skumlese den sjølv på førehand.