fredag 1. januar 2010

Årets bok 2009


Då har eg bestemt meg!  Og det var ikkje lett!  I fjor var eg ikkje i tvil om kva som var den beste boka eg hadde lese i 2008.  "Tett inntil dagene" gjekk rett til hjertet.  I år har eg lese mange gode bøker.  Eg har lese mange krimbøker som eg har likt godt, og eg har lese gode dokumentarbøker. 

Når valet likevel  vart "Øya", er det fordi det er den boka eg sit att med å hugse best.  Det er ein typisk bestsejar og dameroman.  Det er kanskje ikkje stor litteratur.  Men den vitnar om stor forteljarglede.  Historia er interessant, romantisk og spennande.  Ho burde berre hatt vit og gje seg etter hovudhistoria.  Den står godt åleine, utan å trekke inn fleire slektsledd.

Les gjerne kva eg skreiv om den i mai.

8 kommentarer:

Besta sa...

Eg er ikkje samd med deg der.Ei så god historie som dette er, burde blitt betre fortalt.Eg har ikkje bestemt meg for kva bok eg skal velje enno,men Øya blir det ikkje.

solveig sa...

Boka har manglar, som eg skriv. Men ho har gjort inntrykk!

arieldog sa...

Eg er einig i at det er ei annleis og veldig god bok!

solveig sa...

Det må vere eit kriterium at ein ikkje gløymer boka så lett!

Besta sa...

Eg gløymer det meste,men så kan eg gjenoppfriske bøkene på bloggen.Øya hadde eit interessant innhald som forfattaren kunne gjort mykje meir ut av,meiner eg.

solveig sa...

Det er eg enig i!

arieldog sa...

Ja, men det var ei sterk kjærleikshistorie, syntest eg. Utan at det vart melodramatisk eller søtladent.

solveig sa...

Den første historia. Det var neste generasjon eg synest var unødvendig å drage inn. Der var ein del klisjear!