
Denne DVD-en plukka eg med meg frå ei sjappe i Sverige. Eg hadde store forventningar til filmen som hadde gjort det så skarpt i Frankrike.
---
Filmen startar godt. Her er nerve og spenning. Og sjølv om eg ikkje forstår "eit ord" fransk, let eg meg rive med.
---
Etter kvart vert det litt mange mord, og fiendebildet vert litt komplisert. Det er no thrilleren sin natur. Men oppklaringa verkar noko søkt i filmen. Dessverre har eg ikkje lese boka på førehand. Eg er sikker på at komplottet fungerte betre der. Og at tempoet i forklaringa gjorde den meir forståeleg. Harlan Coben har eg som kjendt stor sans for.
---
Sjå filmen;-)