laurdag 13. september 2008

Jus



I går laga vi jus av eple eg hadde fått av ein kollega.
Det gav fin, lys jus. Men det gjekk ikkje mange minutt før skummet på toppen vart brunt.

Mamma hadde sendt med eldstemann ein DVD som høyrde med hennar maskin.
Der var eit råd om å ha ein bit raudbete i jusen for fargen sin del. Raudbetar er svært sunt, men det er sjeldan vi et den rå.

Korleis det smakte? Eg tok ca 1/6 raudbete i høve til eple. Du kjenner smaken. Eg synest det var godt. Olaug var litt meir skeptisk. Prøv sjølve!

3 kommentarer:

Besta sa...

Vi vart så tørste etter at vi hadde ete spekemat til middag. Så vi laga jus av nedfallseple og drakk. Det var friskt og godt. Etter ei lita stund vart det brunt skum på toppen, safta under var om lag som den eplejusen vi kjøper.
Elles kan ein nytte slike restar når ein kokar vanleg saft av f.eks rips, så slepp ein å kaste den.Det gjorde vi forrige veke.DVD-en vil eg gjerne ha att på sikt, orka ikkje å sjå/høyre alt på ein gong.

solveig sa...

Han var noko anmasande i lengda, ja. I dag svikta DVD-en då eg skulle sjå resten. Veit ikkje om det er spelaren eller DVD-en, eller ho som styrer den........
Eg prøvde med stikkelsbær. Det gav lite jus. Trur harde frukter er best,appelsin funka bra.
Han har nok eit poeng med at dette er frisk jus, ikkje pasteurisert og ev konsentrert og utattvatna.

Besta sa...

Eg brukar å kjøpe fersk Tine appelsinjus, men eg drikk så lite at den blir for gammal før eg får i meg ein liter.Det er sikkert sunt med ferskpressa jus, men viss frukta er god, kan ein like godt ete den naturell.Nedfallsfrukt kan ein heller presse.