laurdag 20. september 2008

Kor mange blir vi til middag?


Det spørsmålet stiller eg ofte.
Nokon kjem att medan andre reiser.
---
Olaug er på øvingshelg med korpset. Då eg leverte henne, fekk eg vite at det vart nok mange av dei nye som ville heim att om nettene. Det vart nok mange som køyrde til å frå om det var noko. Av omsyn til dei nye, reiste dei ikkje lenger enn til Leikong.
---
Eg måtte seie som sant var, at Olaug hadde berre ei bekymring, om dei får kveldsmat! Kveldsmat skulle det bli, fekk eg høyre, så då sa eg "hade".
Komande veke reiser forfattaren til ei hytte utanfor Molde for å jobbe heilt intens.
---
Neste helg reiser speidaren på kurs på Rjåneset. Så her er det størst sjanse for 6 til middag på fredagane.
---
p.s.
Bildet er ikkje av ein krokus som har tatt feil av årstida, men "naken jomfru".

3 kommentarer:

Besta sa...

Eg har ein heil flokk med "nøgne jomfruer " nede i hagen. Eg heiv dei ut or beddet. Vart så lei av at dei presenterte seg med berre grøne blad heilt til dei fann det for godt å blomstre opp- langt utpå hausten.Men DÅ er dei fine.

arieldog sa...

Vakre bilete frå hagen! Her går det mest i plenklipping, sjølv om den sesongen er på hell...

solveig sa...

Kunsten er nok å ta nærbilde......