tysdag 9. september 2008

Og så balj på ein fredag...

...som den utflytta sunnmøringen i familien sa då det vart servert potetball i 30 graders varme på campingtur i Danmark.

I dag rigga eg til og kokte opp ei panne fårikål som forfattaren fekk koke ferdig til vi kom heim. Journalisten dukka også opp til middag i dag. Årets første fårikål smakar ekstra godt! Og det på ein tysdag!

No veit eg at både nordfjordingar og sogningar les bloggen. Det er ikkje sikkert at dei veit at det er torsdag som er baljdag på Sunnmøre. Høgdepunktet i veka for mange studentar i Volda, var å kjøpe seg balj på DH eller Porse torsdagane etter skuletid. Svara du ja til "Ska du ha feitt?" ausa dei ei heil ause smelta smør over.

1 kommentar:

Besta sa...

I mi skuletid i Volda var det ONSDAG som var ballj-dag. Midt i veka altså.Etter mi meining ein mykje meir logisk dag enn torsdag.For øvrig har eg ikkje teke opp sunnmørsskikken med ballj ein gong i veka, men held meg til eit par gonger i året.
Vi hadde årets første fårikål sist sundag av ferskt lammekjøt frå Bjorli. Godt og lettvint.
I dag har vi laga fiskekaker.