Viser innlegg med etiketten bord. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bord. Vis alle innlegg

laurdag 5. juni 2010

Raudt og rosa

13-åringen har pynta sitt eige bord. 
Ho begynte med å finne fram lys og serviettar som ho har fått av mormora.  Hennar lys var rosa, men eg hadde raude liggande.
I går ettermiddag kjøpte vi desse vasane på Floriss.  Vi tenkte vi skulle finne tulipanar i år sidan vi ikkje har peonar.  I telysestakane er der telys med roselukt.
Her begynner maten å kome på bordet.  Fruktspyda har vorte ein populær tradisjon.  Dei lagar ho sjølv.

laurdag 2. januar 2010

Eitt nyttårsforsett


Før jul høyrer eg mange seie:
Det vert alltid jul.
Det vert alltid nok/for mykje mat.
Det vert alltid nok kaker.
Det vert alltid nok gåver.
Og ja, det vert det!  Fordi nokon planlegg, bakar, handlar inn mat, kjøper gåver, vaskar og styrer på.  Det er nesten frekt å snakke om dette i passiv form når det krev aktiv handling.

Men så sit vi her då å ser tilbake på jula.  Gåvehaugen har ikkje minka.  Vi har ete godt og kosa oss.  Ja, og så har vi kanskje kjøpt inn litt rikeleg med mat i frykt for at det ikkje skulle bli nok når butikkane stenger eit par, tre dagar.

Eg har berre eitt nyttårsforsett, og det er å ete frå frysar og matbod.  Lagra er for store!  Og der er mykje god mat å begynne på.  Datomerkinga i kjøleskåpet har vorte sjekka.  Her er det berre å gå systematisk til verks.  I dag starta vi med fløyte og fisk: "Fisk i løk og paprikasaus" s. 54 i Kokebok for alle".  Den finst og i gamle "Frå bollar til burritos".  Eg brukte kremfløyte.  Og så må ein drysse salt og pepar på fisken.

Blogglesarane er sikkert lei av å sjå bilde av kjøkenbordet mitt.  Eg må berre skryte litt av dei raude brikkene.  Dei gjer at ein kan behalde same duken i fleire dagar.  Det går heilt fint å vaske dei i vanleg oppvaskvatn om det vert nøvendig.  Og prisen var også fin rett inn i jula, -70% på Kid.

torsdag 31. desember 2009

Godt nytt år!


Eg ønskjer alle blogglesarane eit riktig godt nytt år!

Eg kjem attende med "Årets bok 2009" litt ut i det nye året.

onsdag 30. desember 2009

Besøk


I dag har vi hatt slektsbesøk.  Det gjekk føre seg på tradisjonelt vis.  Ungane har vore mykje ute i snøen.

Eg må vise fram grauttallerkane mine som i dag vart brukte til suppe.  Dei har seks ulike nissemotiv.  Serviettane har eg hatt liggande i mange år utan å like dei noko særleg, men i dag passa dei godt!

Vi hadde spart litt kransekake og eit par smellbongbongar til dei yngste kom.

De trængte virkelig til vores besøg...... så du hvor sure de var da vi kom, og hvor glade de var da vi gik?

Hvis en av oss dør, sa hun til sin mann, så vil jeg begynne med pensjonat.....

Hvorfor går politibetjentene i Århus altid med en hund? To hjærner tænker bedre enn en.

Hva er i veien med disse eggene, kelner? Spørg ikke meg.  Det er ikke jeg som har lagt dem.

Nokon som lo?

søndag 20. desember 2009

"Vanlig, vanlig"


No er det høgsesong for bordbilde på bloggen min.  Eg er ofte innom nokre fine interiørbloggar der det er sølv og kvitt som gjeld, og for all del ikkje raudt til jul.  Viss dei skulle kome innom bloggen min så ser eg for meg dei to damene i golfbilen.  Så no vil eg berre presisere at mine motiv for å legge ut bordbilde, er heilt andre.  For det første er eg glad i fargar, og dekkar bord som eg liker.  For det andre ser eg på det som familiehistorie og ein dokumentasjon av samtida.

Vi har harr overnattingsbesøk av bror til mannen min med kone og eldste dotter.  Og for dei som vil vite kva vi serverte til middag, så var det svinesteik.  Diskusjonen på førehand var om eg skulle lage ertestuing.  Høyrer det med til svinesteik?  Eg veit at ein av gjestene er svært glad i det, så eg laga ertestuing av ein pakke tørka erter.  Der var så vidt eit par skeier att etter måltidet.  Det viktigaste er vel kva gjestene liker, ikkje kva som strengt tatt høyrer til?

laurdag 17. oktober 2009

Familien samla

I dag har vi hatt besøk av Besta og Besten, og vi må nesten seie at eldstekarane er heime på besøk. Øystein var på svelesteiking for korpset medan eg laga mat og Olaug dekka bord. Ho fekk velje serviettar og glas sjølv, og så fann ho fram "sølvlys". På menyen stod sosakjøt med eplepai og/eller hermetiske kirsebær til dessert.

p.s. Eg hugsa å ta fram rognebærgeleen slik at alle fekk smake han. Det vert nok eple i geleen i komande år også!

fredag 24. juli 2009

laurdag 18. juli 2009

onsdag 13. mai 2009

Borddekking

- eller litt meir frå konfirmasjonen.
Det er ikkje akkurat mangel på koppar og fat her i huset. Men når eg skal dekke til meir enn 18, må det bli med to ulike tallerkensortar. Eg valde mørkeblå dukar denne gongen også og lysare blå glas. Koppane med kornblomster på kom eg over for sju år sidan. Då hadde eg lyst på koppar med litt mønster på som passar til kvite fat. For to år sidan var det fleire som ønska seg koppar, men ingen som valde det eg likte best, Tid. Då fann eg ut at eg kunne kjøpe meg berre nokre få sjølv. Noko meir enn åtte skulle eg ikkje ha. No har eg 13 koppar og 15 fat, 30% her og 50% der.

Middagsserviettane kjøpte eg for eit halvt år sidan. Dei skulle eg ha i tilfelle eg ikkje fann andre og finare. Før dei to andre konfirmasjonane har eg vore ute i siste liten med å få tak i store serviettar. Kaffiserviettar finst det mange fine av. Eg har som kjendt ei lita samling, men eg hadde ikkje to av kvar pakke. Desse kjøpte eg fredag ettermiddag i blomsterbutikken.
P.S.
Eg har fått spørsmål om eg ikkje hadde dessert på koldtbordet. Svaret er jau, vi hadde karamellpudding, sjokoladepudding og gele med jordbær, og sjølvsagt krem og vaniljesaus.

måndag 4. mai 2009

Maibord

Her sel dei lys og serviettar. Dei har også dekt på bord til ulike høve. Til dette 17-mai-bordet hadde dei brukt tre serviettar til kvar. Det viser at ein kan kome langt med kvit duk og kvitt kaffiservise.

torsdag 26. februar 2009

Arvegods


I dag har vi hatt besøk av moldensarar. Då synest eg det er kjekt å dekke på med tallerkar og fat som vi har arva frå svigerforeldra mine. På menyen stod svinesteik og (good)is. Eigentleg burde vi vel hatt blomkålsuppe til forrett og sviskekompott til dessert. Det ville ha vore festmenyen på 50-talet.

tysdag 2. desember 2008

Heimelekse


9. klassingane har praktisk lekse denne veka: Borddekking. Her i huset vart det kveldsbordet dagen før. Eg foreslo kopp og glas. Han kunne no koke kakao? Det er godt til røykelaks og eggerøre?
Systra trengte berre stikkordet så stod ho klar med ingrediensar og utstyr. 5 matskeier sukker og 4 med kakao er mine mål til ein liter mjølk.
Før dekka vi som regel på til kveldsmat og laga noko lite ekstra ganske ofte. No er det sjeldnare, men i går dukka alle opp.

søndag 22. juni 2008

Midtsommar - eller Sonja og eg

Midtsommarbuketten skal vere i alle slags fargar, og ein kan blande inn ville blomster, las eg i avisa. Eg omtrent røska inn desse blomstrane frå hagen i høljregn i går. I dag har det skine opp så pass at vi fekk grilla grillmaten som var i ferd med å gå ut på dato.

fredag 6. juni 2008

Rosa og raudt

Vi pynta med raudt, rosa og grønt i dag. Fruktspyda med jordbær, druer, kiwi og pære, var populære. To jenter skulle vekk i helga, så det vart ein gjeng på åtte. Tre av dei toler ikkje kiwi. Eg trudde det var ein sjeldan allergi, men det smittar vel litt. Olaug visste om det, så vi kjøpte pærer til nokre av spyda. Elles spanderte eg tre peonar (av 4).

søndag 4. mai 2008

Bord og kakebord.

Sunnmøringar er berømte eller berykta, alt etter korleis ein ser det, for sine enorme kakebord. Konfirmasjonen i dag var ikkje noko unnatak.





torsdag 20. mars 2008

tysdag 18. mars 2008

Besøk frå Molde


På menyen stod det lammelår. Viss nokon ein gong skulle spørre meg om kva som er yndlingsretten min, eit standardspørsmål i portrettintervjua i Vikebladet/Vestposten, ville eg ha svart lammelår. I dag steikte eg to lår på 175 grader.

Og så får eg ta med mormor sitt tips for god, brun saus.
- Begynn å lag bruning når du set steika i omnen. Brun den sakte og kok sausen lenge i jerngryte. I tillegg til sjyen har du ein kopp kaffi med fløyte i sausen, det gjer susen.

måndag 24. desember 2007

God jul!


Her på Hareid skal vi snart ete graut.
Vi brukar å gå til kyrkje 14.30 på barnegudstenesta.
Olaug skal ikkje synge i år, men mange av klassevenninnene syng i barnekantoriet.
Ca klokka 17 skal vi ete ribbe, eller pinnekjøt som austlendingane har lært oss at det heiter. Så spørs det kor tid det vert dessert. Øystein og Håkon har plukka molter til moltekrem.
Eg hadde tenkt meg ut å ta bilde av kristtornen vår frå Sula. Det får vente til veret vert betre. Vi har hatt storm i natt, og det er framleis skikkeleg utriveleg ute.
No står det att å ønskje blogglesarane ei riktig god jul!