laurdag 17. oktober 2009

Familien samla

I dag har vi hatt besøk av Besta og Besten, og vi må nesten seie at eldstekarane er heime på besøk. Øystein var på svelesteiking for korpset medan eg laga mat og Olaug dekka bord. Ho fekk velje serviettar og glas sjølv, og så fann ho fram "sølvlys". På menyen stod sosakjøt med eplepai og/eller hermetiske kirsebær til dessert.

p.s. Eg hugsa å ta fram rognebærgeleen slik at alle fekk smake han. Det vert nok eple i geleen i komande år også!

2 kommentarer:

Besta sa...

Det var fint dekka bord! Ho får det inn med morsmjølka,dottera i huset. Var ikkje klar over at det var ho som hadde dekka,elles hadde eg rosa henne på direkten!

solveig sa...

Ho kikka på at duken ikkje var litt knørva, noko som sjølvsagt var sant. Eg satsar på "strykefrie", rimelege dukar frå Europris.