søndag 25. oktober 2009

Sukkerbrød med kakao


Kva kake skal eg lage? Blautkake?  Sjokoladekake?  Når ein har avgrensa med tid, kan ein slå til med ei sjokoladeblautkake.  Eg laga dobbel porsjon i ei 28 cm.  Etterpå tenkte eg at eg kunne heller ha laga to 22 cm store botnar og steikt dei samtidig.

Ein slik botn pyntar ein som ei vanleg blautkake.  Eg brukte Piano vaniljekrem, vanleg krem og pærer.  Eg dynka med sukkerlaken frå pærene. Til pynt kan ein sjølvsagt bruke all slags sjokolade.  Eg raspa berre litt kokesjokolade.  Breuker ein sjokoladesaus på flaske, noko ungane liker godt, er det lurt å ha på rett før servering, eller la kvar ta på til seg sjølv.


Denne oppskrifta er frå den blå "Frå bollar til burritos".  Det er med andre ord ei enkel og grei oppskrift.

3 egg
1 dl sukker

1 dl kveitemjøl
3 ms kakao
1 ts vaniljesukker
1/4 ts bakepulver

Rund form 22 cm.
Steik ved 175 grader i ca 30 minutt.

  1. Pisk eggedosis av egg og sukker.
  2. Sikt på det tørre.  Bruk sleikjepott, ikkje maskin.
  3. Slå røra i ei form kledd med bakepapir og steik kaka.

3 kommentarer:

Besta sa...

Ordet blautkake finst ikkje i mitt vokabular, og eg har aldri høyrt andre enn Ingrid Espelid seie det. Det er eit fryktelig og uappetittlig ord som ikkje høyrer heime i vanleg språkbruk.Du er hermed oppmoda til å finne eit lekrare namn på kaka!

solveig sa...

;-) Ordet er tatt rett frå læreboka/kokeboka!

Besta sa...

Tvilar ikkje, men kven SEIER det?