tysdag 6. oktober 2009

Te for to

I dag tok eg i bruk tesettet eg kjøpte på Til Bords i Ulsteinvik for ein månads tid sidan. Eine tesilen har eg rett nok teke i bruk før. Sist det var "halv pris på hele butikken", kjøpte eg to tekrus til kaffiserviset mitt.

Tesilane er praktiske på den måten at ein kan røre med dei.
Det er ikkje så ofte eg drikk te når sant skal seiast. Eg er ei ekte kaffikjerring, d.v.s. eg ser på kaffidrikking som ei av mine største laster. Uviljen mot te kjem av fire svangerskap då eg drakk te i staden for kaffi den tida eg var på det kvalmaste. Te og kvalme er derfor kopla saman i hjernen min. Derfor er eg kresen på te. Den sorten vi valde i dag, Roobos, kan eg anbefale på det varmaste. Den likte eg godt! Så får vi smake oss gjennom resten av pakkane.

p.s.
Fotoapparata våre er ute og reiser, så bilda i dag er tekne med mobilkamera. Det er grunnen til den dårlege kvaliteten.

2 kommentarer:

Anlen sa...

Te er godt, det:) I mitt tilfelle vart eg kvalm av kaffi i fyrste svangerskap, og slutta å drikke kaffi. Etterpå har eg vel aldri heilt kome i siget...

solveig sa...

Denne teen er i alle fall mykje betre enn posete!