torsdag 1. oktober 2009

Eg vann, eg vann!


....nei, ikkje desse plantane.
For å seie det som det er: Eg hadde tenkt å legge dette bildet ut i morgon under overskrifta "Haustferie". Men Olaug og eg har teke ferien litt på forskot. Ho må nok kallast ein pådrivar når det gjeld shopping. I dag måtte ho ha eit par svarte støvlettar til line-dansen ho skal vere med å framføre. Eg reknar med det er i stemneveka.
---
Turen gjekk altså innom skobutikken. Der var alle kundane med i ei trekning om gåvekort. Eg skreiv mitt eige namn, noko eg er glad for no, på ein lapp og tenkte ikkje meir på det. Derimot sat eg i godstolen og tenkte på eit par brune støvlettar og eit strikkaplagg (dei har fine kle der og)då telefonen ringte. Eg var den heldige vinnaren av eit gåvekort på 500 kr!!!! No kan eg berre gle meg til ferie på rett og ny shoppingrunde.

2 kommentarer:

arieldog sa...

Gratulerer! Heilt sikkert vel fortent!

solveig sa...

Eg kjøper omtrent alle skrorne mine der viss det er det du meiner....