laurdag 17. oktober 2009

Smuldrepai med eple II

I dag laga eg dobbel porsjon smuldrepai i den store eldfaste forma. Her skal de få oppskrifta med steg for steg-bilde.
Til smuldredeigen brukte eg:
4 dl kveitemjøl
5 ms sukker
1 dl malne nøtter
150 g smør

Køyr i foodprosessoren til det vert ei grynete masse. Når smøret kjem frå kjøleskåpet, er det kaldt, så eg mol det først, og tok det att etter at eg hadde laga til epla. Då vart det lett ei grynete masse.

I forma:
1 kg eple
1 dl rosiner
1 dl sukker
Smuldre deigen over.
I dag steikte eg paien ved 225 grader i 25 minutt.
Servér med mjukpiska krem med litt ekte vaniljesukker i!
---
Som eg har skrive før, kan ein bruke anna frukt som pærer, fersken, nektarinar og/eller plommer. I staden for nøtter kan ein bruke mandlar eller havregryn. Kva trur de om å bruke demerarasukker over frukta?




6 kommentarer:

Besta sa...

Denne desserten er god, det kan eg skrive under på, men eg har aldri laga den. Virkar enkelt nok; arbeidet er vel å rense epla?

solveig sa...

Ja, og det er lite arbeid med oppmåling i og med at det er dl. Elles så er det ikkje ei sånn kake at det er så nøye med noko som helst.

Hildegard sa...

Dette såg godt ut. Eg har tatt vare på dei største epla frå eigen hage (sjølv om dei også er små i forhold til dei i butikken) og det blir ekstra god smak på "Tilslørte bondepiker" som vi har av og til når vi skal kose oss. Men som Besta skriv, det er ein del arbeid å renske desse epla.
Takk for oppskrifta.
Eidabesta

solveig sa...

Kanskje ein kunne skrelle dei kjapt med kniv til eplemos t.d. og koke saft av skrellet?
Eg hadde kjøpeeple frå 40% salet.
Elles hadde kaninane seg eit festmåltid i går på eple-, gulrot og rabbeskrell i tillegg til blomkål- og brokkolistilkar.

Alt godt sa...

Det finst slike skrellemaskinar som du trer epla inn på, og så snurrar dei runt til epla er tynne skiver og stilk og skal er borte. Dei som har slike skryt fælt av dei. Eg ville ha brukt demerarasukker i sjølve strødeigen, den vert finare på farge og får meir karamellsmak.

solveig sa...

Ja, eg har tenkt å prøve det! Skrellemaskin må vere for dei med epletre..........