torsdag 29. oktober 2009

Bok 68: Ukonvensjonell barndom


Denne boka har eg hatt lyst til å lese ei stund etter å ha lese meldingar av ho.  Laurdag såg eg intervjuav  forfattaren som var gjest i "Viggo på lørdag".

Handlinga går kort sett ut på at mor forlet far og datter.  Far har alkoholproblem og er som regel blakk.

Kan det bli god litteratur av dette? Ja, for boka handlar om så mykje meir!  Den handlar mellom anna om klasseskilje og stoltheit.  Den handlar om kjærleik og overlevelsesevne.  Og ikkje minst, så handlar den om kva som er god omsorg.  Kor viktig er reine laken?  Kven svik kven?

Dette er ei barndomsskildring som skil seg ut.

Les denne omtalen, og les boka!

3 kommentarer:

Besta sa...

Eg fekk nesten lyst å lese boka om att då eg såg intervjuet med forfattaren. Ho er ei flott dame på alle måtar.Det eg beit meg merke i då ho fortalde, var at ho og faren hadde prata så mykje saman, og om alle ting. Kanskje det er derfor ho er blitt så velartikulert? Ei nydelig bok!

solveig sa...

Mora er vel ein kjend politikar slik eg forstår det. Det verkar som ho var mykje saman med vaksne som ville henne vel.

arieldog sa...

Eg fekk òg lyst til å lese boka omatt då eg såg intervjuet. Ei gripande og tankevekkjande forteljing!