tysdag 6. oktober 2009

Skvåsjkake

I dag har eg rive eit par store skvåsj og frose ned i porsjonspakkar. Då nytta eg høvet til å bake ei skvåsjkake. Oppskrifta fann eg på Alt godt. Nokon hadde ete opp rosinene mine, men korintane låg att. Så kaka mi vart med korintar i dag. Elles hadde eg malne nøtter i sidan det var det eg hadde i hus. Mi kake vart skuffekake. Kaka vart god den!
Elles så prøvde eg eit nytt produkt i dag; lettfløte som kan piskast. Den vart kjøpt inn fordi den hadde lang halbarheitstid. Maisstivelse skulle gjere den stiv.
---
Det gjekk greit å piske fløyten, og den såg fin og passeleg blaut ut. Men god med lett smak av vanilje? Eg tilsette litt ekstra vaniljesukker, for fløyten smakte omtrent ingen ting. No har eg prøvd den. Heretter vert det kjøpt inn kremfløyte.

2 kommentarer:

Besta sa...

Kva misjon har squashen i kaka? Du kan sikkert bruke gulrotkakeoppskrift....???
Godt at du advarer mot ubrukelige produkt, så slepp ein diverse bomkjøp.

solveig sa...

Skvåsjen gjev nok helst væske, som Gunda seier er den mjølkefri. Eg hadde besøk av m i dag. Vi var heilt samde om fløyten.