laurdag 10. oktober 2009

Bok 63: Eventyrroman

Helten i denne boka er ein arkeolog som er albino. Han løyser mysterium over heile verda. Denne romanen tek oss mellom anna til Island, Dollsteinhola, stavkyrkja i Lom, Roma, Egypt, New York og Den Dominikanske republikk. I tilleg foregår historia frå vikingtid til notid. Kven som er skurkar og kven som er gode hjelparar, "paktens voktere", er uvisst før i siste kapittel.

Forfattaren vert samanlikna med Dan Brown, og det kan ein forstå.

Eg synest det er vanskeleg å ha noko meining om denne boka. Det er ikkje min sjanger. Det ville vere som å melde actionfilmar. Det finst gode og dårlege, men eg liker eigentleg ikkje sjangeren.

3 kommentarer:

Besta sa...

Etter diverse bøker i denne sjangeren, har eg fått nok både av Dan Brown og Tom Egeland. Forresten har eg aldri vore nokon stor fan.

solveig sa...

Eg synest det er langt mellom dei gode bøkene for tida.....

Besta sa...

Vi blir nok meir og meir kresne...også.