Viser innlegg med etiketten potteplantar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten potteplantar. Vis alle innlegg

torsdag 2. september 2010

Flora og fauna

Eg har skrytt av at mange av plantane mine har fått ein ny vår.   Eit døme er denne gerberaen som eg fekk av kollega og venninne A 20. februar i år.  Vanlegvis ser eg på gerbera som ein bukett på rot.  Men eg sette den inn på eit bakrom før eg sette den ut på på eit bord på altanen.

Desse campanulaene pynta eg med inne same dag.  Dei har blomstra lenge i sommar.  Fleire potteroser som eg fekk rundt 1. juli, står no med nye knuppar.  Dei eg kjøpte tidleg på våren står ute i beda med knuppar.
Stargazerliljene kjøpte eg som før fortalt, i krukker i fjor.  Er dei ikkje flotte!

Stauden hagegullris(?).
Pelargonien viser seg å bli lysrosa, ja.
Medan eg fotograferte ute, høyrde eg ein merkeleg, ganske høg lyd.  Det var det vesle piggsvinet som forsynte seg av kattematen.  Katten jagar det ikkje vekk.  I følgje katteeigaren er det fordi det er billeg kattemat som Lucy ikkje liker.  Piggsvinet er ikkje så fin på det, og vi ser at det veks.  I Sunnmørsposten las vi at piggsvin gjerne kan få både kattemat og hundemat, men absolutt ikkje mjølk.  Berrre 20 % av ungane lever opp.  Ein får stelle pent med dei!

onsdag 5. mai 2010

Vår ute - haust inne?


I dag jobba eg i hagen ein times tid.  Eg har lagt aviser der eg vil ha svart mold, med mold oppå.  Litt ugras fann eg sjølvsagt og noko daudt eg kunne kaste i komposten.  Temperaturen er ikkje noko å skryte av.

Inne i vindaugskarmen har novemberkaktusane fått ein ny vår.  Orkidéane er kjekke med at når den eine blomstrar av, kjem dei som ein har sett til side med nye knuppar.

fredag 30. april 2010

Fordi eg fortener det?

Ein av venene mine på Facebook heiter Floriss ...  Førre fredag var eg ikkje innom Facebook før etter helgahandelen.  Då såg eg desse fine appelsintrea.  I går var eg innom Floriss for å kjøpe noko lite til ei venninne.  Eg hugsa at ho fekk seg eit slikt lite tre i fjor.  Kanskje det var lurt å høyre med henne om det gjekk an å halde planten i live? 

Det vesle treet hennar viste seg å vere to år gammalt,  og det hadde vakse seg til ei buske!  Viss folk har råd å kome med, så høyrer eg gjerne på dei!  Skal eg ha det ut i sommar?

Ein annan ting eg lurer på, er om vi hadde eit sånt tre heime i min barndom, eller om vi berre kika på det i vindauget hos Håndlykken.

måndag 3. august 2009

To i krukka

For to år sidan planta eg ein pasjonsblomst eg kjøpte billeg på Lidl, saman med engletrompeten. Det skjedde ikkje noko det året, og ikkje i fjor heller. Men i år klatrar pasjonsblomsten mellom engletrompetane!
I dag var eg innom Grønne Fingre på Moa og fall for denne fargekombinasjonen. Berre ei av liljene har sprotte ut enno. Eg håper dei blomstrar lenge, og så får eg plante dei ut og håpe dei overvintrar.

fredag 17. juli 2009

Kva er det som luktar så godt?

Eg har invitert naboar/venner på kaffi/kveldsmat i dag. I går begynte eg derfor å rydde og vaske litt. Eg kunne ikkje forstå kva som lukta så godt. Då eg snudde rundt denne blomsterkrukka fekk eg sjå!

måndag 20. april 2009

Små gleder


Då eg kom att frå jobb i dag, oppdaga eg at denne orkidéen hadde sprotte ut. Kanskje mamma kjenner den att frå i fjor? Eg meiner eg har fått den av henne.

torsdag 26. mars 2009

Vår og snart påske

I dag fall eg for freistinga og kjøpte meg to gule storblomstra begoniar. Då eg begynte å rydde litt i vinduskarmane venta det meg fleire overraskingar. Ei av dei var denne orkidéen. Det er tredje gongen han blomstrar. Eg har forhøyrt meg med andre orkidéeigarar om ein bør klippe dei ned og støtte dei opp. Denne har fått utvikla seg sjølv. I dag tok eg han inn i varmen og oppdaga tre greiner, litt daudt klipte eg vekk. Noko støtte ser det ikkje ut til at han treng, men eg har tatt vare på pinnane og klemmene om eg skulle skifte meining.


tysdag 3. mars 2009

Aloe vera

På skulekjøkenet har vi nokre robuste plantar. Denne brekk vi greiner av viss nokon brenner seg. I går oppdaga eg at vi kanskje får blomster i år! Den er vel passeleg forsømd og mishandla. Eg tok heim ein avleggar, men den rotna av for mykje vatn.

fredag 16. januar 2009

Togrenet orkidé


I dag let eg meg freiste til å kjøpe to orkidéar.
Eg har ganske mange frå før, men alle er inne i ein kvileperiode.
---
Butikken hadde kampanje, og der var utruleg mange fargar å velje mellom, berre ikkje kvitt.
---
Elles brukte eg "togrenet" som eit døme på eit ord som eg måtte lese to gongar. Eit motsett døme er "januar varer" (og varer). No er kanskje siste ordet sagt om orddeling?

fredag 30. mai 2008

Mangfald

Geraniar er lette å ta stiklingar av. Her er ei blanding av "mødre" og "barn".

onsdag 28. mai 2008

Under i vinduskarmen

For nokre år sidan fekk ei "svigermors tunge" av mi venninne M. Den har formeira seg og blitt til fleire plantar, men aldri blomstra før!

fredag 1. februar 2008

Engelsk pelargonium

Dette er ein av yndlingsblomstrane mine. Den blomstrar inne no, men kan vekse seg til ei buske i løpet av sommaren og blomstre att til hausten.

fredag 2. november 2007

Haustkaktus




No står tre hauskaktusar/novemberkaktusar i full blomst medan 10-12 andre står med knuppar!