torsdag 20. november 2008

Klassikar - eller mitt forhold til Hamsun


Nyromantikken har vore tema i norsk siste veka.
Då eg gjekk på ungdomsskulen, las vi Markens grøde. Eg hugsar at den gjorde sterkt inntrykk på meg. Særleg ho som drap veslejenta si fordi ho hadde hareskår. Seinare vart ho sjølv operert. Boka handla sjølv sagt om mykje meir, men det er dette som står att etter 30 år.
---
No har vi lese utdrag frå "Victoria" i 10-klasse. Den boka las eg på Norsk grunnfag for 26 år sidan. "Victoria" hugsar eg ikkje så mykje av for å seie det rett ut.
---
Folk på min alder og eldre hugsar nok TV-serien "Benoni og Rosa". Kva gjorde inntrykk der? Eg hugsar Mack og badedyna, og jentene som stakk unna sølvskeier for at han skulle finne dei. Elles hugsar eg ho som "gav" vekk lus.
--
No har eg lese "Sult". Det er ikkje vanskeleg å forstå kvifor den slo gjennom i 1890. Nokon analyse skal eg ikkje gje meg ut på. Alle som er litteratur- og historieinteresserte bør lese boka.


9 kommentarer:

arieldog sa...

Artig samantreff; i dag gjekk eg gjennom 1890-talet i norsk litteraturhistorie, og i morgon skal vi lese utdrag frå Sult! Eg veit ikkje kor mykje vi når, men eg har kjøpt inn filmen, så vi skal lide oss gjennom den òg.

Besta sa...

Eg skreiv eksamensoppgåve om Sult på norsk grunnfag. Ei bok eg las mange gonger! Like fascinerande kvar gong. Eg hugsar enno veldig mykje av den -det som først kjem for meg eg gule roser og eit jentenamn på Y.....Og så knappar!
Som stilist er Hansum den beste i norsk litteratur, etter mi meining,elles var han vel både og.

solveig sa...

Ylajali. Filmen ligg på jobb. Kanskje eg skal sjå han sjølv?

Besta sa...

Eg hugsa namnet, men var redd for å stave det feil.
Markens grøde har eg visst fleire eksemplar av. Første gongen eg las den, var eg nesten fortvila over at det var slutt då eg las siste sida.Språket er så nydelig!

Milena sa...

Eg las Hamsun i Slovenia,på slovensk og var heilt overvelda av hans sine bøker.Nesten alle er å finne på slovensk.
Norge var eit eksotisk land for meg da....
Og å lese dei på norsk nå er heilt anna oppleving igjen.

solveig sa...

Artig å vite at når vi les at bøkene er omsette til mange språk, så er det tilfelle, og bøkene vert lesne. Eg såg at den engelske naturleg nok heiter "Hunger" og har eit kjendt Munchmåleri på framsida.

Besta sa...

DEt var vel SKRIK ?

Besta sa...

PS:Kva inntrykk gir det av landet vårt. Bøker heiter SULT og maleri SKRIK.
Assosiasjon:Ramnungar ropar og du gjev dei mette. Det verset brukte vi ofte som bordvers i barneskulen. Dette er SANT !

solveig sa...

Ikkje skrik, men det av folk på gata.