måndag 3. november 2008

Challah

Medan maskina knar ein deig til meg, har eg leita etter fleire fletteloffar. Eg kom på å leite på "Challah", jødisk brød. Det skal eigentleg lagast utan mjølk, men med egg, og serverast på sabbaten.

Denne mannen brukar min metode når han flettar. Han viser utan å snakke! Han startar med 3-flette og sluttar med 6-flette, så dra prikken bortover om de ikkje orkar å sjå alt!

3 kommentarer:

Besta sa...

Trur eg må kjøpe meg ein pakke plastilina for å øve........

solveig sa...

Det som er så greit med bakverk i forhold til handarbeid er at "bevisa" vert oppetne. Ein mindre fin loff smakar like godt som den flottaste. Så her er det berre å øve seg på ekte varer. 3+3 flettene vert også fine!

Besta sa...

Eg lagar aldri loff. Vi kjøper loff 2-3 gonger i året.......................Men eg kan vel flette grovbrød også viss eg vil?