laurdag 22. november 2008

Språk II



Då eg såg denne boka på anlen sin blogg, fann eg ut at eg ville ta mi fram. Første kapittel heiter "Vaskelyst".
---
Det er for drøyt å forlange at folk skal ha lyst til å vaske. Sjølv har eg lyst til å ha det reint og ryddig. Det er godt å kome inn i eit rom som luktar friskt av grønsåpe. Så då er det berre å gå igang.
---
Når ein lærar spør kven som har lyst til å gjere ei oppgåve, då får han svar på tiltale viss oppgåva ikkje er populær.
- Vi treng frivillege, og er her ikkje det, må vi utpeike nokon, er ein annan måte.
Viss ein ikkje vil bruke den, får ein ty til den mest "rettferdige", loddtrekning. Den brukar eg når kjøkenet skal vaskast til sommarferien.
--
No er eg ferdig med støvtørking og golvvask og lurer på kva eg har lyst på til middag.

5 kommentarer:

Besta sa...

Eg elskar å vaske og rydde, sjølv om det ikkje alltid ser slik ut. Bake derimot likar eg ikkje.Og eg får angst berre eg ser symaskina. Så kvar si lyst!

solveig sa...

Eg brukte og å få angst då du sette deg til symaskina:-) Hugsar du då du stakk nåla gjennom fingeren? Eg stakk ut.....
Eg bakar så mykje på jobb at eg får ulysta meg.

Besta sa...

Å sy på maskin gjennom nagla og heile fingeren var ingenting - mot å måtte dra nåla opp att same vegen. Nils fortalde at det var somme syersker på fabrikken som gjorde slikt; eg trudde ikkje det gjekk an, medn det GJER det.

Hildegard sa...

Det ser ut til at du nyttar tida godt som "gressenke". Eg merkar i alle fall at eg får meir lyst å støvsuge/vaske når eg er åleine i huset. Joggeskoa såg supre ut, sikkert ei nyttig investering.
Eidabesta

solveig sa...

Det var adidas dei hadde på sportsbutikken. No skal eg rette ferdig ein bunke før eg går meg ein tur. Eg er sett opp på 6 vikartimar neste veke og då kan det vere godt å ha litt mindre rettingsarbeid.
Elles var det sikkert då nåla skulle opp att at eg stakk.