søndag 16. november 2008

Mat på fat

I dag har vi vore på konfirmantgudsteneste og speidar-(forbunds-)fest. Då talaren på festen delte ut noko lite til kvar, forstod vi at det var sennepsfrø sidan likninga var lesen i kyrkja. Eine dåpsbarnet var halvt gresk, så dåpsseremonien hadde innslag frå den gresk-ortodokse-kyrkja.
Til festen skulle det vere "mat på fat". Eg tok fram takka og laga sveler av 2 l surmjølk. Då vart det nok til dei heime også.
Som de ser har eg ei stor takke. For 12 år sidan sa eg at dersom eg skal bu saman med 5 karar, skal eg kjøpe meg ei takke. Mi venninne M sa at ho hadde ei som var så stor at ho dekte heile komfyren. Sjølv om det vart ei dame til i familien, bestemte eg meg for å kjøpe meg takke. "nei, stor takke hadde dei ikkje. Det var det ingen som ville ha." "Det sel vi ikkje særleg mange av". Då ekspeditrisa for tredje gong ville fråråde meg å kjøpe ei stor, sa eg "Når det er noko eg vil ha, så bryr eg meg i grunnen ikkje så mykje om kva andre vil ha." Så vart takka bestilt, og eg er framleis glad for at eg kan steike sju sveler om gongen, ikkje fire som på dei små.
p.s.
Oppskrifta ligg på 18 februar i år.

3 kommentarer:

Elin sa...

Eg ynskjer meg veldig ei slik stor takke. Eg har berre ei slik ein legg på kokeplata...
Håpar slekta les kommentaren og startar kronerulling...!

Milena sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Hildegard sa...

Kjekt med stor takke viss ein vil prøve seg på lefsebaking også.
Eg kjøpte meg ei slik då eg vart pensjonist, men er ikkje så flink å bruke den, blir helst vafler.
Strikkemor brukar si OFTE, men der er det 5 karar som skal ha mat + mange andre fam.medl. som stikk innom.
Takk for oppskrifta.
Eidabesta