søndag 2. november 2008

Meir micro

I dag fekk eg lyst til å prøve ei av oppskriftene som høyrde til microen. Sidan middagen stod i omnen, passa det godt å lage ei microeplekake.

Konsistensen på kaka var flott, men epla kunne ha vore mjukare, så eplekaker vert nok steikte som vanleg heretter. Olaug likte den veldig godt. Ho er ikkje så glad i eplekake. Ein del born er vel litt skeptiske til mjuke eple. Krem likar vi alle...

Svigermora mi brukte å lage ferskenkake av hermetiske fersken. Med ein ikkje for søt deig, hadde det kanskje vore betre, eller kanskje med aprikosar?

5 kommentarer:

Elin sa...

Du verden, her går det unna med både det eine og det andre! Ny look kvar dag, nye kaker etc. Eg er overraska over at du sverger til mikroen, eg trudde ikkje det var så sunt å bruke den. Sjølv blei eg påspandert ein til 50årsdagen, men den er mest brukt til popping og denslags, sjølv bruker eg han nesten aldri. Skjønar at eg har litt av kvart å lære på denne fronten og.
Har fått meg ny oppvaskmaskin, veldig stillegåande, Miele. Berre det beste er godt nok for gemalen, eg hadde greidd meg utan, trur eg...

solveig sa...

Eg må innrømme at detn gamle helst vart brukt til vatn og oppvarming av middagsrestar. Men når eg no valde å kjøpe ein med mange funksjonar, får eg lyst til å prøve dei ut. Chips utan feitt blir vel det neste. Vert den sprø?
Min største innkjøpstabbe var billeg oppvaskmaskin. Eitt skikkeleg program som brukar 2 1/2 time. Den gamle brukte eg berre på eitt program, tenkte eg då, men det tok 1 1/2 time. Særleg irriterande er det å ikkje kunne sette på maskina etter halv ni om kvelden og når ein har besøk, er det ein fordel å kunne tøme den mellom måltida.

Besta sa...

Oppvaskmaskina mi var ikkje billeg...opprinneleg, men brukar likevel ca 2,5 timar på eit vanleg program.Der er tre program i alt, men det eine er ikkje brukande til anna enn "reine" glas.Eg har prøvd å finne ut kvifor den brukar så lang tid, og meiner at ho står lenge og kjøler og tørkar, for det er nesten ingen damp når eg let opp døra.Eg har ingen motforestillingar verken mot å legge meg eller gå ut om maskina er på.
Når det gjeld mikrobølgeomnar, veit eg at somm er redde for stråling, men eg trur ikkje det er bevist skadeverknader.

Eg trur sukkeret og meierismøret i kaka er farlegare enn eventuelle strålar.
Elles må eg tilføye at til kvelds var epla mjuke og gode. Steikinga gjekk kanskje for fort.