Viser innlegg med etiketten middag. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten middag. Vis alle innlegg

torsdag 26. august 2010

Sei i tomat- og urteaus

I dag hadde eg verken rømme eller fløyte i hus. Løk og hermetiske tomatar er ein vel heller sjeldan tom for?  Magrare middag enn dette skal ein leite lenge etter.  Oppskrifta er frå "365 middager på en halv time".  Eg følgde oppskrifta, i alle fall nesten.  Eg dobla alle ingrediensane unntatt løken.  Elles var eg litt rausare med urtekrydderet.  I tillegg surra eg ein båt kvitløk saman med løken.

Når det gjeld framgangsmåten, hadde eg og min eigen vri.  Eg hadde alt krydderet unntatt litt av saltet i tomatsausen.  Den fekk surre utan lok for å verte tjukkare.  Før eg hadde i fisken, mosa eg sausen med stavmiksaren.  Då vart sausen fyldig og fin. Denne konsistensen er ikkje berre for barn og dei som er skeptiske til løk.  Prøv sjølve!

2 (1) stor løk
(1 båt kvitløk)
2 ms olje
1 boks hakka tomatar, 400 g
1 ts salt
1/2 ts pepar
1 krm timian
1 krm basilikum

600 g fiskefilet

Finhakk løken og surr han i olje til han vert blank.
Ha i tomatar, salt og krydder.
Lat sausen koke inn litt.
(Mos med stavmiksar)

Skjer fisken i fingertjukke skiver og legg i sausen
Legg på lok og lat fisken trekk ca 10 min.
Dryss på rikeleg med persille eller dill før servering.
Server med kokt ris, kokte poteter eller potetmos og gjerne ein grøn salat til.

onsdag 18. august 2010

Sei i karri

Eg har bladd litt i denne kokeboka og funne fram ein typisk 80-tals-rett, nemleg sei i karrisaus.  Det å ha karri i sausen vart vel rekna for heller eksotisk den tida seibiff var det ein laga av sei. Eg trur ikkje ungane her i huset hadde smakt retten før, men det glei ned på høgkant.  Eine seifileten min viste seg å vere lyr, noko som ikkje forringa retten.  Som kommentar til oppskrifta i boka, må eg berre nemne at det er heller upedagogisk å skrive som punkt tre eller fire: "Halvtin dypfyst filet". Det burde stå som førebuing!  Punkt ein er å sette på poteter eller ris ...



Sei i karri
ca 600 g seifilet
3 ms kveitemjøl
2 ts salt
1/4 ts pepar
1(++) ms margarin eller smør til steiking

2 1/2 dl matfløyte (eg blanda kremfløyte og heilmjølk)
1-2 ts karri

1-2 løk
1-2 ms margarin eller smør til steiking

Vend fiskestykka i blandinga av mjøl, salt og pepar.
Brun fiskestykka pent i steikepanna.
Steik løken i ei lita steikepanne ved sida av.
Rør ut karrien i fløyte og hell over fisken.  Legg på bruna løk.
Lat retten trekke i ca 5 minutt.
Server med kokte poteter eller kokt ris og ein grøn salat til.

Retten er rask å lage. Poteter og fisk vart likt ferdig. Så denne lagar du på ein halv time som boka lovar.

fredag 23. juli 2010

Stua grønsaker

Ja, då lurer vel blogglesarane på kva eg fanni frysaren i dag? Eg må tilstå at eg fann to ting som ein eigentleg ikkje bør fryse, nemleg pølser og sommarkotelettar.  Det siste kan unnskyldast med at ein kjøper dei frosne i pakkar til 28 kroner kiloen på Prix. I dag vart det grilling her.
Viss ein no er lei av potetsalat eller vil ha noko magrare og meir vitaminrikt, er stua grønsaker eit godt alternativ. Eg synest det er nydeleg, men kjem ikkje på å lage det så ofte.

Oppskrifta er enkel: Ein lagar ein tjukk, kvit saus.  Eg begynte med eit par skeier flytande bremykt og 1/2 dl kveitemjøl i dag.  Denne sausen får småkoke medan ein lagar til grønsakene.  Her tek du dei sortane du liker.  Eg brukte tre store gulrøter og eit blomkålhovud i dag.  Bruk ikkje for mykje vatn.   Dekk berre gulrøtene halvveis.  Ha i litt salt. Når grønsakene er kokte har du dei og kokekrafta i sausen.  Smak til med salt, pepar og litt grasløk.  Eg let grønsakene koke litt i sausen medan han tjukna litt.
Dette er mat som born liker.  Er det nokon som berre liker ei av grønsakene, er det lett å ta av det han/ho vil ha.  No er ikkje pasta ei grønsak, men det går an å ha litt kokt fullkornpasta om ein ønskjer det.

søndag 13. juni 2010

Lammegryte

Medan andre driv med garnslanking, driv eg med frysartøming.  Det nærmar seg ferie, og då er det greit å få avisa frysarane før ein fyller opp med bær og sylte.  I staden for å kjøpe inn nytt kjøt, kika eg i frysaren etter noko "gammalt".  Eg fann eit par små lammelår(59 kr kiloen før påske) på ca 1 1/2 kg som eg skar kjøtet av.  Sidan vi skulle på ballettframsyning før middag, var det greit å ha det meste klart på førehand.  Oppskrifta har Signe laga til bruk på skulekjøkenet.  Eg brukte nok meir kjøt enn i den.  Men de kan ha den som eit utgangspunkt om de får lyst på ein gryterett.



Lammegryte:


2 ms margarin
250 g lammekjøt i terningar

½ ts salt
1 krm pepar

1 dl vatn

1 gulrot i strimlar
¼ squash i strimlar

½ ms sitronsaft

1 dl vatn + 2 ts maisenna
1 dl creme fraiche

½ løk
2 – 4 sjampinjong


1. Brun smøret i ei gryte og steik lammekjøtet ved høg varme.
2. Dryss over salt og pepar.
3. Tilsett 1 dl vatn og lat kjøtet stå og trekke medan du skjer opp grønsakene.
4. Ha i grønsakene og lat retten trekke vidare i 10-15 minutt.
5. Rør saman vatn og maisenna og tilset jamninga medan du rører.
6. Tilset creme fraiche.
7. Brun sopp og løk. (Vent til du legg opp på tallerken).

Server gryteretten på tallerken saman med salat og poteter.
Sopp og løk kan du legge oppå gryteretten.

(Set tilbehør på bordet: Tyttebærsylte og sylta agurkar.)



På skulekjøkenet får dei servere løk og sopp ved sida av.  Heime har eg alt oppi gryta.  Det som ikkje vart ete til middag, forsvann til kvelds.  Eg er veldig glad i lam.  Men eg veit at ikkje alle er det, og då kan ein sikkert bruke andre typar kjøt.  Det er berre å prøve seg fram.

P.S.
Beina la eg eg i ein plastpose med eit par teskeier salt på.  Deio skal gje kraft til ei suppe ein annan dag.

fredag 21. mai 2010

Steikje godt!

Blogglesarane hugsar kanskje at eg utfordra Alt godt om å kome med ei oppskrift med kyllingkjøtdeig til bruk på skulekjøkenet.  Ho tok utfordringa på strak arm!  Ein av rettane var denne kyllingforma. Denne veka har vi laga forma på skulekjøkenet.  Rykta om den gode retten har spreidd seg til lærarromet.  Fleire fekk med seg oppskriftarkark heim. 

Observante blogglesarar vil sjå at eg har tilpassa oppskrifta til skulekjøkenbruk.  Eg har tatt litt mindre av dei andre grønsakene og lagt til ei gulrot.  For å ikkje få for mange ingrediensar har eg gått for eitt krydder: Pasta basilico.  Den kvite sausen er laga på enkel og mager måte. 

Kyllingform

Grønsaker:

½ raudløk
1/3 skvåsj
½ raud paprika
1 gulrot
1 båt kvitløk
1 ms olje
1 ts pastakrydder
● Wok grønsakene i oljen til dei er mjuke. Dryss over krydderet.

Kjøtfyll

400 g kyllingkjøtdeig
1 ms olje
1 ts pastakrydder

1 ms tomatpuré
1 ts buljongpulver
1 dl vatn

● Steik kjøtdeigen i olje. Dryss over krydder og buljong. Ha i tomatpuré og vatn.

Ostesaus

4 dl mjølk
½ dl kveitemjøl

2 krm salt
½ krm pepar
½ krm muskatnøtt
(1 ts sitronsaft)

100 g riven ost

● Pisk saman mjølk og mjøl i ei tjukkbotna panne. Rør til det kokar.
● Ha i krydder og eventuelt sitronsaft. Lat det koke på lav temperatur i ca 5 minutt.
● Ta panna til side og ha i halvparten av osten.
● Legg grønsakene i botnen på ei eldfast form. Ha kjøtdeigen over grønsakene.
   Ostesausen skal vere øvst. Strø over resten av kvitosten.
● Steik kyllingforma ved 200 grader ca 30 minutt.
Kvitløksbagettar smakar godt til denne retten.

onsdag 21. april 2010

Tallerkenmodellen - eller middag for 100 kr

Oppgåva på skulekjøkenet denne veka er å planlegge, for så å lage ein middag til 5-6 personar for 100 kroner.  Er det muleg?  Av og til får ein drahjelp frå uventa hald, i år frå Rema 1000. Elevane får høve til å bestille 1/4 eller 1/2 av varer som t.d. agurk og salat.  Dei får også "betale" for akkurat så mykje av t.d. ost og rømme som dei treng. 

Målet er sjølvsagt at ein skal lære seg kva mat kostar.  Eg har laga prislister til dei på vanlege matvarer.  Når det gjeld t.d. paprika og tomat, skriv eg opp stykkpris.  Det viser seg at prisen ikkje er det største problemet.  Problemet i grupper på tre er at nokon av og til må gje seg.  Nyttig lærdom det og.  Eg bruker å ta bilde av tallerkane dei presenterer.  Ein "et" litt med augene og.

Illustrasjonsfotoet er dagens middag i heimen. Eg hadde kjøpt kjøtbollar til ca 50 kr på nettopp Rema 1000.  Dette er middag til godt under 100-lappen. Sausen er laga av pulver, men potetstappa er heimelaga.  Eg skrelte store poteter og delte dei i 6-8 bitar.  Då kokar dei fort.

Kommentar i heimen: "Oj, svensk mat!". 

fredag 16. april 2010

Seriestart og suppe

I dag vann Hareid opningskampen på heimebane 4-3.  Sidan eg venta tre frostige karar heim etter kamp, slo eg til med ei minestronesuppe.  Eg har no utarbeidd min eigen variant som gjev 3-4 l suppe.

1 pk kjøtdeig
2 små løk
olje til steiking

3 store/6 små poteter
3-4 gurøter
1 purreløk
1-2 fedd kvitløk

2 boksar tomatar + like mykje vatn (skyl boksane)
2 buljongterningar/kraft
400 g riven skvåsj frå frysaren (kan sløyfast/erstattast med skvåsjbitar)
2 ts oregano
smak til med salt og pepar


Steik løk og kjøtdeig i olje.  Skjer opp grønsakene og surr dei litt i gryta før du har i resten.  Kok til grønsakene er møyre.

Ein kan ha bønner, kikerter eller sammalen makaroni i om ein vil.  Eg synest suppa er mettande i seg sjølv, men ferskt brød er godt til!

måndag 12. april 2010

Kyllingklubber

Eg hadde høyrt om kyllinglår og kyllingvingar, men kyllingklubber var nytt for meg.  Derfor vart sjølvsagt ein pakke til 50 kr plassert i handlekorga torsdag då eg var innom Rema 1000.  Coop-kjeden manglar slike rimelege kyllingprodukt som ein finn på både Rema 1000 og Kiwi.

Fordelen med desse såkalla klubbene er at dei er små, så steiketida vert litt kortare.  Ulempa er  den same, dei er små.  Men det er nok til fire personar.  Til små born som ikkje greier eit heilt lår, må dette produktet vere ypparleg.  Eg pensla klubbene med olje og dryssa på Cemo-krydder.  Eg trur det var kotelettkrydder.  Til kylling kan ein bruke dei fleste krydderblandingane.

Tips til meg sjølv: Legg eit teflonark i botnen av langpanna neste gong.  Då vert ho lettare å vaske.  Eg brukar å legge langpanna øvst i oppvaskmaskina oppå glas og koppar.  Men her måtte det to rundar til.

søndag 28. februar 2010

Velsmakande kyllingform

Eg har utfordra Gunda til å kome med middagsrettar med kyllingkjøtdeig i. Denne kjøtdeigen har ikkje vore nokon suksessfaktor på skulekjøkenet - til no kanskje.

Kvifor bør ein velje kyllingkjøtdeig framfor vanleg kjøtdeig eller karbonadedeig? For det første er kyllingkjøtdeigen rimeleg, ca 22 kr for ein pakke coop.  For det andre er kyllingkjøt miljøvennleg. Det trengst mindre fôr d.v.s. korn for å produsere det kvite kjøtet.  For det tredje er den mager med 8% feitt, og kyllingfeittet er meir umetta enn oksefeitt.
Eg har eit rikt utval i Cemo blandingskrydder, men ikkje riskrydder.   Eg las på baksida av boksane, lukta på nokre og kom fram til at eg ville bruke pastakrydderet.
Til no i dag har eg retta eit klassesett med vitaminprøver, så inspirert av det tok eg i tillegg til grønsakene i oppskrifta, med eit par gulrøter.  Då er A-vitamindosen sikra. Eg fresa 1/2 skvåsj, 2 små gulrøter, 1/2 stor raud paprika, 1 raudløk og 1 kinesisk kvitløk i litt rapsolje. Grønsakene krydra eg med 1 ts pastakrydder.

Den kvite sausen laga eg med å piske saman 1/2 liter mjølk (Med D-vitamin som ein kunne fått i sola om ein hadde kome seg ut) og 3 ms kveitemjøl.  Dette fekk smaåkoke litt før eg hadde i salt, pepar, muskatnøtt og sitronsaft.  Eg steikte 1 pk kyllingkjøtdeig i sitt eige feitt før eg hadde i tomatpure, buljong og 1 ts pastakrydder. Dette fekk koke "tørt".
Då var det berre å legge grønsakene i forma og legge kjøtdeigen over.  Eg hadde ost i sausen, men sparte litt til toppen.  Det var ei blanding av Norwegia og Jarlsberg.

Alle her var samde om at retten smaka nydeleg!  Neste gong lagar eg dobbel porsjon til oss fire. Om det var noko anna eg ville ha gjort annleis?  Kanskje laga den kvite sausen litt tjukkare.  

torsdag 25. februar 2010

Inspirert ...

... av Alt godt si kyllingform, hadde eg middagsplanen klar. Men på min veg bort til kyllingkjøtdeigen, dumpa det ei svinesteik til 20 kr kiloen oppi handlevogna ...
Eg skar vekk svoren og feittet og delte steika opp i skiver.  Eg krydra kjøtskivene med Cemo stek- og kotelettkrydder.  Salt og pepar går heilt fint sjølvsagt. (Eg veit ein bør ha mindre kjøt i panna om gongen.)
Eg tok dei grønsakene eg hadde og delte opp.
Deretter la eg grønsakene opp i Nowo-steikepanna. Eg hadde litt salt og oregano oppå grønsakene. Kotelettane la eg oppå, og til slutt helte eg i ein boks tomatar.  Eg hadde lok på panna og sette henne inn steikeomnen ca 45 minutt.
Eg serverte poteter til. Neste gong eg lagar retten, kjem eg til å skjere poteter i skiver og ha oppi.  Her vart rikeleg med væske.  Ein kan gjerne servere brød til.

laurdag 2. januar 2010

Eitt nyttårsforsett


Før jul høyrer eg mange seie:
Det vert alltid jul.
Det vert alltid nok/for mykje mat.
Det vert alltid nok kaker.
Det vert alltid nok gåver.
Og ja, det vert det!  Fordi nokon planlegg, bakar, handlar inn mat, kjøper gåver, vaskar og styrer på.  Det er nesten frekt å snakke om dette i passiv form når det krev aktiv handling.

Men så sit vi her då å ser tilbake på jula.  Gåvehaugen har ikkje minka.  Vi har ete godt og kosa oss.  Ja, og så har vi kanskje kjøpt inn litt rikeleg med mat i frykt for at det ikkje skulle bli nok når butikkane stenger eit par, tre dagar.

Eg har berre eitt nyttårsforsett, og det er å ete frå frysar og matbod.  Lagra er for store!  Og der er mykje god mat å begynne på.  Datomerkinga i kjøleskåpet har vorte sjekka.  Her er det berre å gå systematisk til verks.  I dag starta vi med fløyte og fisk: "Fisk i løk og paprikasaus" s. 54 i Kokebok for alle".  Den finst og i gamle "Frå bollar til burritos".  Eg brukte kremfløyte.  Og så må ein drysse salt og pepar på fisken.

Blogglesarane er sikkert lei av å sjå bilde av kjøkenbordet mitt.  Eg må berre skryte litt av dei raude brikkene.  Dei gjer at ein kan behalde same duken i fleire dagar.  Det går heilt fint å vaske dei i vanleg oppvaskvatn om det vert nøvendig.  Og prisen var også fin rett inn i jula, -70% på Kid.

onsdag 30. desember 2009

Kjøtsuppe

Når ein ventar mange gjester, og vil bruke tida på dei og ikkje på å stå på kjøkenet, er det greit med mat i ei panne.  Eg er glad i kjøtsuppe.  Det er enkel og lett mat.  Så får ein kanskje lyst på dessert og kaker seinare.

Til kjøtsuppe brukar eg fersk oksekjøt.  Eg hadde sikra meg kjøt med gode bein.  Det gjev best kraft.  Oppi krafta(ca 2 l kokande vatn) har eg 2 kg oksekjøt + 2 ts salt , 3-4 små løk, litt selleri og heil pepar.  Dette får koke eit par-tre timar til kjøtet losnar frå beina.  Eg reinsar kjøtet slik at det ikkje sit att noko feitt på dei. Krafta har eg silt opp i ei høveleg stor panne.

Både ungar og vaksne er glade i kjøtbollar.  Til denne porsjonen brukte eg 1 kg kjøtdeig.  Eg bruker ei vanleg kjøtkakeoppskrift, men erstattar ingefær med muskatnøtt.  I praksis vil det seie 4 ms potetmjøl, 1 ts salt, 1 ts pepar og 1 ts muskatnøtt og 4 dl mjølk, gjerne ekstra lett.

Så er det berre å forme små kjøtbollar og koke dei i vatn tilsett litt buljong.  Dette arbeidet tok frøkna på seg.

Kjøtet og kjøtbollane laga vi i går kveld medan det var fotball på TV.  I dag skrelte eg grønsakene: Poteter, gulrøter, kålrot og purreløk.  I tillegg brukar eg gjerne brokkoli i kjøtsuppe.  Eg har sett det har vorte gjort narr av brokkoli i innherredssodd t.d. på bloggane.  Men her vil eg seie at tidene forandrar seg.  Det må vere lov å bruke nye grønsaker etter kvart som dei vert tilgjengelege.

laurdag 12. desember 2009

12 desember: Heilsteikt kalkunfilet med pesto og omnsteikte grønsaker


I går var eg på hotellet og åt julemiddag.  Kalkunretten eg laga i dag, høver godt mellom norsk tradisjonsmat t.d. i romjula.  Oppskrifta fann eg i kokeboka for ungdomsskulen.  Mange av blogglesarane har boka.  Dei kan berre slå opp side 84.



Eg starta med å steike kalkunfiletane i flytande bremykt.  Etterpå krydra eg dei med 1/2 ts salt og 1 krm pepar kvar.
Omnsteikte grønsaker:
12 mandelpoteter, delte i fire båtar
3 greiner stilkselleri, i grove bitar
2 skiver sellerirot, i grove bitar
2 løk, i båtar
1 raud paprika, i grove bitar
2 gulrøter i grove bitar
1 fedd kvitløk, finhakka
1-2 ms olje eller flytande margarin
(eg brukte olivenolje)
1/2 ts salt
1 krm pepar
I boka er der oppskrift på pesto, men ein kunne kjøpe eit glas, noko eg gjorde.  Halve glaset skulle over kalkunfiletane.  Resten skulle over grønsakene i tillegg til 2 dl vatn. 
Retten skal steike  i 160 grader ca 40 minutt.
8 små tomatar skal i forma dei siste 5 minutta.
Eg prøvde ut retten med tanke på bruk på skulekjøkenet også.  Det eg ser, er at retten måtte stå lenger i omnen enn dei 40 minutta.  Det kan nok ha med mengda å gjere.  Sjølv om eg hadde bestemt meg for å følgje oppskrifta omtrent slavisk, så hadde eg i litt meir grønsaker og poteter.  I boka stod 600 g kalkunfilet.  Eg hadde 1kg. Grønsakene skulle vere i grove bitar.  Dei kunne nok ha vore skorne litt mindre.  T.d. ville eg ha skore stilksellerien over på langs til tynnare stenger.

Det var ikkje mykje mat att etter denne middagen.  Den fall i smak hos alle!

laurdag 3. oktober 2009

Lammefrikassé

Inspirert av Wenche sette eg i gang å koke kjøt tidleg på dag. Etter å ha prøvd ulike piratmerke før i veka, satsa eg på midt-norsk, ferskt lam frå Gilde. Der er det og stor kvalitetsskilnad.
I staden for å koke grønsakene saman med kjøtet som allereie var blitt møyrt, tok eg av kraft og kokte grønsakene i den. No vart det ikkje urtesaus her, berre vanleg frikassésaus basert på smør og mjøl. Eg brukte først kraft frå kjøtet, og til slutt kjøt/grønsakskrafta. Først etter eg var mett, tenkte eg at eg kunne følgt rådet til Wenche om å ha i litt sitronsaft. Eg kokar også potetene i ei panne for seg.

laurdag 19. september 2009

Irsk stuing eller Puspas?

I dag har vi hatt besøk frå Ørsta. Dei hadde ærend med å bringe og hente litt forskjellig. Eg skulle ikkje lage "noko styr", så det vart enkel middag og enkel oppdekking.

Då eg laga fårikål og var innom ein annan blogg med Heidi sine oppskrifter, begynte eg å mimre litt frå praksisen i studietida. På Bergensskulane vart det laga Irsk stuing og ein bergensk spesialitet "Puspas". Eg har sett spekulasjonar om at bergensarane har vorte påvirka av irane. Eg vil heller tru at ein oppfinnelse som å koke kjøt og grønsaker i same gryte, kan gjerast fleire stader samtidig. I Marokka åt vi nydeleg fårekjøt kokt saman med grønsaker servert saman med couscous.

Eg gjekk inn på matprat og søkte på Irish stew og fann ut at det vart brukt ulike grønsaker i dei ulike oppskriftene. Fol tek vel det dei har!

Sidan eg ikkje likar grønsakene ihelkokte, kokte eg kjøtet møyrt først i vatn og 1 ts salt pr kilo kjøt og både heil og vanleg pepar. Deretter hadde eg i dei grønsakene eg hadde i kjøleskåpet: Løk, kålrot, gulrot, sellerirot, kål, blomkål og poteter. Lettvintare kan det ikkje gjerast!

Ein kunne sjølvsagt ha laga saus av krafta og kalla det fårefrikassé. I dag ville vi ha plass til litt jordbærgele.

søndag 13. september 2009

Årets første fårikål

Eg var lite inspirert då eg handla inn til helga i går. Det einaste eg kom på av middagsmat, var å trive med meg noko frose lammekjøt på tilbod. I dag laga eg den enklaste retten, nemleg fårikål. Eg kokar den slik eg liker den.
I ei stor panne med teflonbelegg, 10 liter trur eg ho er, hadde eg:

3 1/2 kg lammekjøt (viste det seg)
1 liter vatn
2 middels store kålhovud
2 ms salt
rikeleg med heil pepar

Framgangsmåte: Legg lagvis og lat retten koke minst to timar.

Eg er ikkje av dei som liker fårikålen best oppvarma. Derimot vil eg gjerne ha kål som ikkje har kokt ut i kålen. Så eg ventar cirka ein time med å legge på siste kålhovudet. Etter eit par timar set eg på poteter og heller jamning over fårikålen. Dette gjev ein tynn saus.

Jamning:
3-4 dl vatn
1 dl kveitemjøl

Rist jamninga i eit glas og hell over.

Fårikålens venner har lagt ut oppskrift der du kan endre oppskrifta til så mange porsjonar du vil lage.

P.s.
Viss det vert noko att til i morgon, takkar eg sjølvsagt ikkje nei til oppattvarma fårikål etter jobb i morgon!

onsdag 29. juli 2009

Sommarskinke med poteter og blomkålstuing

Når eg tenker røyk sommarskinke, tenker eg fort bearnaisesaus. No har eg kjøpt inn ein del blomkål, både fordi eg synest det er svært godt, og fordi det var på tilbod. Eg har alltid vore glad i gulrotstuing, men kvifor ikkje stue andre grønsaker? Eg laga ein tjukk kvit saus med smør og mjøljamning. Eg spedde med H-mjølk sidan eg hadde det i hus. Til slutt hadde eg i blomkålen og kokevatnet. Eit godt alternativ til bearnaise, spør du meg!

søndag 26. juli 2009

Seikarbonadar

Eldstekarane i huset har fått ein ny hobby; fisking. Til no har fangsten ikkje vore større enn at dei har steikt den og ete den etter heimkomsten. I går hadde dei større fiskelykke, og rundt midnatt kom dei heim med nokre småseiar. Ingen var svoltne, så eg berre filiterte dei. Det er ein kunst eg treng øving i. Eg la filetane oppå ein opp-ned djupetallerken oppå ein flat. I løpet av natta hadde fisken gjeve frå seg litt væske.

Kva skal ein så lage av fisken. Sidan ein av fiskarane ikkje et rein fisk, bestemte eg meg for å ta fram gamle Frå bollar til burritos. Eg hugsar at vi laga gode seikarbonadar ein gong i ei 10-klassegruppe.
Attåt serverte eg omnsteikte grønsaker og poteter. Då kan alle ta dei sortane dei likar. Eg krydra med Cemo potetkrydder og litt salt.

Medan vi et:
- Ka dokke synst?
- Hæ? E de du som he laga de? Ej trudde det var o mormor?
Det tek eg som eit kvalitetsstempel.

laurdag 25. juli 2009

Mat til mange - pastasaus

Når ein skal koke til tre familiar, må ein tenke gjennom både kva panner ein har og kor mange plater ein har.

I går gjorde eg det svært enkelt. Eg tok fram den største gryta eg har (som finst i handelen?), ei Høyang gryte på 10 l. I dag har eg varma den opp med olje i for å hindre den i å ruste.

Utgangspunktet for pastasausen er ein bolognesesaus. Eg har laga det så ofte at eg har min eigen vri slik eg likar det. Prinsippet er at grønsakene skal stå og safte seg, utan tilsett vatn. Oppskrifta under kan ein variere som ein vil

6 pk kjøtdeig
4 store løkar
3 boksar tomat
1 stort glas tomatpure
1 kg rivne gulrøter
2 små rivne skvåsjar
3 finhakka paprika
2 kvitløkar (friske frå hagen)
1 ms buljongpulver (dette har visst begynt å bli fy i finare kretsar)
1 ms pizzakrydder
salt (hugs at der er salt i buljongpulveret)
pepar

Eg ville hatt frisk basilikum i, men det hadde dei ikkje i butikken.

1. Steik kjøtdeigen. Hakk den godt.
2. Hakk løken og kvitløken, gjerne med kniven i foodprosessoren.
3. Riv gulrøter og skvåsj fint. Eg brukte foodprosessor.
4. Finhakk paprikaen og ha han i.
5. Ha i resten av ingrediensane og lat dette småputre, gjerene ein time.

Eg kokte både fine og grove pastarør. Heile familien er ikkje overbevist om at grovt er best.

I følgje Olaug likte den komande førsteklassingen dette svært godt. Kokken hadde i alle fall kamuflert grønsakene godt. Nokre ungar reagerer på løkbitar. Eg brukar å ta fram stavmiksaren (den vesle bollen med kniv til)på skulekjøkenet når elevar spør om å sleppe løk. Når dei får mose løken, et dei fleste løk.

Som de ser, er dette eigentleg lett og mager mat. Ein har god plass til dessert etterpå!

tysdag 30. juni 2009

Dagens middag

Mamma sitt innlegg i dag tidleg minte meg på at eg har sei i frysaren. Eg tok opp sei, og ungane fekk bestemme kva eg skulle lage. Det vart omnssteikt sei på grønsakseng. Her brukar eg ikkje oppskrift, men tek dei grønsakene eg har. I dag vart det gulrot, paprika, tomat, purre og luftløk. Eg dryssa over salt og Cemo fiskekrydder. Sitronskivene ser de. Men det som ikkje viser når retten er ferdig, er høla skiver med (meieri!) smør. Smøret trekkjer gjennom fisken og blandar seg med grønsakene. Forma dekkjer ein med folie og steiker retten ved 200 grader. I dag vart det både ris og poteter til.